Provoserte lærarar klare til kamp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er oppteken av at ikkje dette skal bli ein sutredebatt der ein snakkar om «stakkars oss lærarar». Eg er stolt over jobben min og yrket mitt. Men når KS vil legga det opp på dette viset, så vert det ikkje attraktivt.

– Elevane vil tapa

Det seier Therese Aakre, lærar i 5. klasse ved Knarvik barneskule.

Ho er provosert over KS sitt forslag i lønsforhandlingane der dei vil at lærarane skal jobba normalarbeidsdag, altså 37,5 timar i veka og 45 veker i året, mot dagens 39 veker og 43 timar i veka. Ho er og motstandar av at undervisningstimetalet skal vera meir ope enn kva det er i dag, noko som kan bety at dei må ha meir undervisning.

– Det er det elevane som vil tapa på, då det er ei innsparingsmoglegheit for ei slunken kommunekasse, hevdar ho.

LES OGSÅ: Fryktar dei må stenga barnehagen

Ho fryktar at kommunane kan pøsa på med undervisningstimar på lærarane.

– Det vil kunne føra til færre vaksne per elev, peikar ho på.

Men det er forslaget om «normal-arbeidsdag» som provoserer mest.

– Basert på grunnleggjande mistillit

– Det er eit forslag basert på grunnleggjande mistillit til lærarane og at dei ikkje gjer jobben sin, seier ho og hevdar at KS har totalt misforstått kva som er innhaldet i deira arbeidsdag.

– Dei har vist at dei ikkje ser jobben vi gjer og innhaldet i arbeidsdagen vår, seier ho.

Aakre, som har vore lærar i 13 år no, peikar på at om dei skal jobba frå 0800 til 1600 som andre, må dei samla opp alt vurderingsarbeid og gjera det når elevane har ferie. I verste fall kan elevane få arbeidet sitt tilbake til neste skuleår.

– Samtalar med foreldre som no må takast på ettermiddagar og kveldstid må utsetjast til feriar. Det same med etter-arbeid og førebuing, seier ho.

– Konsekvensen er eit dårlegare undervisningstilbod, hevdar ho.

LES OGSÅ: Oppgitt bonde selger utstyret på Finn.no

Per i dag brukar ho kveldar og helger på jobben sin. Det vil ho halda fram med.

– Eg vil ha fleksibiliteten til å jobba heime på kveldstid. Eg vil ha moglegheita til å styra dette sjølv. Mens det KS ynskjer, er at vi skal tilbake til stemplingsordning med inn åtte og ut fire og ikkje røra arbeidet før neste dag. Vi meiner vi jobbar like godt på kveldstid og gjerne betre, seier ho.

– Eg er redd for at det skal verta så stramt i forhold til arbeidstida vår, at vi ikkje får gjort det vi skal gjera. Det er å yta kvalitet til kvar elev. Vi vil jobba når dei er her, ikkje når dei ikkje er her, peikar ho på.

– Folk er frustrerte

– Om det er samtale du må ha med ein elev, så må eg ta den der og då, for foreldra må ha den informasjonen. Eg kan ikkje venta til neste skuleferie å ta den fordi det er slutt på arbeidstida mi. Eg vel å ta den på ettermiddag og kveld. Det styrer eg sjølv. Og den tilliten ynskjer eg at KS har til meg, seier ho.

Berre i Lindås er det 550 medlemmer i Utdanningsforbundet. Kampviljen er stor.

– Folk er forbanna, eg merkar det her i Lindås, seier lokallagsleiar, Laila Rydland.

LES OGSÅ: Fryktar å gå ned ei månadsløn i løn

Ho seier arbeidstidsavtalen får det til å sjå raudt for lærarane.

– Er de klare til å streika for dette?

– Ja, om vi må det, er vi det. Dette er ei viktig sak, seier ho.

Avisa Nordhordland har vore i kontakt med KS, men dei vil ikkje uttala seg om saka så lenge det er mekling på gang. Meklingsfristen går ut ved midnatt på søndag. Vert det streik frå arbeidstidsstart på måndag.

LES HEILE SAKA I NORDHORDLAND!