Berrføtt økologisk framtid

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vert irritert når folk kallar meg idealist, for det er jo me som har teke innover oss realitetane, seier Vidar Grepperud, Vg2-elev på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

Vidar er engasjert i landbrukspolitikk og vegen vidare. Han meiner at verdssamfunnet må forandre tankegongen om at me kan halde fram som før.

– I perspektivmeldinga frå dei raudgrøne står det at me skal forbruke tre gongar meir i 2060, det heng jo ikkje på greip! seier bondestudenten, som meiner me må høyre på FN sine åtvaringar.  

LES OGSÅ:Kranglar om økologisk mat

Økologisk føregangsmann
Føtene er det første ein legg merke til med 23-åringen. Dei luftar han nemleg så mykje han kan. I år har han gått berrføtt sidan mars. På jordbruksskulen hevar ikkje folk eit augebryn av dette, men det hender at folk ned i bygda ser rart på han.

Vidar er oppvaksen på garden Frilund i Bjørkelangen i Aurskog Høland. Garden vart bygd av tippoldefaren som dreiv økologisk landbruk – utan at det var eit bevisst val på den tida. På 50-talet la bestefaren Einar Grepperud – som ein av dei første gardane i landet – om økologisk drift. Eller rettare sagt la han om til biodynamisk drift. Biologisk-dynamisk gardsdrift er økologisk, men med ein tanke om at garden er ein heilskapeleg individuell organisme, der jord, plantar, dyr og menneska på garden skal fungere saman, med minst mogleg innblanding utanfrå. Denne typen landbruk byggjer på Rudolf Steiner sin tankegong og filosofi.

I tillegg var Einar Grepperud med å starte det økologiske merket Helios i 1969.

LES OGSÅ: Økologisk mat fall i smak

Nytt gardsliv
Garden har altså vore økologisk i over eit halvt århundre, ein tradisjon bondesonen tykkjer er fint å byggje vidare på. I dag har dei 6 mjølkekyr, egghøns, 74 dekar dyrka mark, ein dekar med grønsaker, ein dekar med poteter og fleire grønsaker på Frilund.

Vidar fortel om ein gard som var veldig livleg då bestefaren var bonde. Mange praktikantar og gardsbutikk var der. No har mora god hjelp av to venninner til drifta, som igjen er i ferd med å verte meir utadvent. Det byrja med open dag i samarbeid med Innovasjon Noreg for tre år sida, og har balla på seg sidan den gong.

– I fjor opna gardsbutikken att. Der sel me eigenproduserte varer, i tillegg til at det er nokre Fairtrade-produkt frå Oslo. Me hadde òg konsert med jazzmusikaren Ketil Bjørnstad og skal ha ein blueskonsert i år, seier Vidar, som trur at det er slik nytt bønder må tenkje for å overleve i framtida. Men det er ikkje pengane han tenkjer på.

–Det er kanskje å banne i kyrkja, men eg tykkjer at bondelaget er for oppteken av profitt, seier Vidar.

LES OGSÅ: Tener best på økologisk

Vegen heim
Han har ikkje automatisk odel, men er den av dei firebrørne som er mest interessert i å ta over etter mora. Draumen er å arbeide fulltid som bonde, men Vidar innser at det kan hende han må sjonglere to jobbar. Sjølv om han har sett kor mykje jobb det kan vera, let hanseg ikkje skremma.

– Eg tykkjer gardsarbeid er morosamt, forklarar den komande bonden, som òg medgjev at det ikkje alltid har vore slik. For det er ikkje alltid like morosamt å måtte hjelpe til i høyonna, når dei andre ungane har fri.

Sjølv om 23-åringen kjem frå ein gard som har vore økologisk i tre generasjonar, var det først etter å ha reist til Sør-Amerika for å arbeide på andre økologiske gardar gjennom organisasjonen WWOOF at han vart sikker på kva han vil nytte livet sitt til. Organisasjonen legg opp til at folk kan reise for å arbeide på økologiske gardar over heile verda. Vidar fekk sjå nesten sjølvforsynte gardar i Argentina, samt effektiv økologisk drift i Brasil.

– Det var knalltungt. Dei jobba frå halv seks til seks . Men der såg eg at det er mogleg å drive biodynamisk og tene pengar på det, fortel Vidar, som fekk mykje inspirasjon på reisa si.

– Då forstod eg at det er dette eg vil drive med.

LES OGSÅ:Rekordsøknad til økologisk utdanning