Mykje meir ekstremt vêr i vente

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spår mindre regn i vest

Meteorologisk institutt viste torsdag fram krystallkula der vêrvarsla blir til. Men til forskjell frå spåmenn og spåkoner, baserer meteorologane seg på mengder av fakta, analyser og verkart.

På fagseminaret om alt frå varsling av sommarbyger til ekstremnedbør, og kvar ekstremnedbøren vil ramme Noreg i framtida, sa klimaforskar Reidun Gangstø rett ut kva vi har i vente – dritvêr. Passande nok hadde ho teke på seg solide, høge gummistøvlar for høvet.

– Generelt blir det meir intens nedbør i heile landet, og dei større nedbørsmengdene vil kome oftare. At det blir meir nedbør, har ein direkte samanheng med at det blir varmare, sa ho til NTB etter den «vêritable» kalddusjen av ein vêrprognose.

Ein av modellane ho viste, tyder på at det er sannsynleg at Vestlandet kan få ein nedgang i talet på nedbørshendingar og intensitet framover i tid.

– Dei andre modellane viser at den største auken i nedbør vil bli på Vestlandet. Det blir også ein auke på Austlandet, men han blir mindre. Men vi held moglegheita open for at det kan bli litt tørrare på Vestlandet, seier ho.

Instituttet arbeider heile tida med å forbetre varsla, men forskarane på seminaret trekte fram at dei treng meir kunnskap om framtidige dominerande vindmønster for å kunne varsle med endå større sikkerheit kva slags vêr vi har i vente. (©NPK)

LES SISTE KLIMANYTT HER!