Heftig sansestimulering fjernar borna frå den litterære opplevinga, meiner Ingrid Holmboe Høibo. Her gjev ho nokre tips om gode barnebok-appar.

mm
Faktaboks

Rasmus Løland

• Kjend barnebokforfattar, journalist, nynorskaktivist og fritenkjar
• 1861-1907, fødd i Sand kommune (i dag Suldal kommune)
• Sterkt samfunnsengasjert, spesielt opptatt av venstresak, fredssak, ungdomssak og målsak
Les meir i Allkunne!
 

LES FAKTALUKK FAKTA

Høgskulelektor Ingrid Holmboe Høibo har fått 50.000 kroner i stipend frå Suldal Mållag og Ryfylkemuseet til å prøver å finna svaret på kva kvalitetar som må til i utviklinga av digitale bildebokapplikasjonar for at ein held intakt den litterære opplevinga.

– Det er veldig kjekt å få dette stipendet. Det gir motivasjon i seg sjølv, og ressursane gjer det mogeleg arbeide både med å fremja formidling av Løland sin barnelitterære forfattarskap og utvikle kompetanse på mediet bildebokapplikasjonar.

Sal av bildebok som digitale applikasjonar har eksplodert den siste tida. Bøkene er lett tilgjengelege over nett.

– Me er no i ei brytningstid der ein prøver å finne fram til ein god form på litterære applikasjonar for barn. Den kommersielle delen av marknaden frir uhemma til barna med heftig sansestimulering. Slik fjernar den seg frå den litterære opplevinga. Me treng å bygge kunnskap og kompetanse på kva ein god litterær applikasjonar er og skal vera, seier Ingrid Holmboe Høibo.

Rasmus Løland

Gjennom å utvikle ein bildebokapplikasjon utifrå ein av Løland sine tekstar vil Ingrid Holmboe Høibo søkja å finna kvalitetar som kjenneteiknar gode litterære bildebokapplikasjonar.

– Heilt konkret vil eg jobbe meg gjennom framstillingsprosessen og sjølv erfara dei ulike problemstillingane ein vil stå overfor i på vegen frå ein utvald Lølandtekst til bildebokapplikasjon.

Ho er sjølv oppvaksen på Sand i Ryfylke, og jobbar no ved Høgskolen i Telemark i Bø.

I første omgang er det ikkje snakk om å ferdigstille bildebokapplikasjon, men når undersøkinga er gjort vil det liggja føre eit digitalt bildebokmateriale som i neste omgang kan vidareførast, ferdigstillast og publiserast som bildebokapplikasjon i til dømes App Store eller Google Play.

– Dette føreset fleire ressursar inn i prosjektet og at eg får kontakt med eit forlag som ønskjer samarbeid.

LES SISTE BOKNYTT HER!

Kvalitet på nynorsk

Når det gjeld tilbodet av nynorske bildebokapplikasjonar er det avgrensa samanlikna med tilsvarande på bokmål.

– Men også tilbodet av norske bildebokapplikasjonar er avgrensa samanlikna med det som finns på engelsk og nordiske språk. Ein finn dessutan større variasjonar og større grad av bildebokapplikasjonar som utfordrar muligheitene i det nye digitale formatet om ein kikkar utanfor landegrensene. Produsenten Nosy crow har til dømes mange fine interaktive eventyrappar, fortel Ingrid Holmboe Høibo, og legg til:

– Mange av bildebokapplikasjonane på norsk er reine adapsjonar av allereie utgitte bildebøker på papir, men sjølvsagt har me gode dømer på vellykka digitale bildebokapplikasjonar som utfordrar formatet også i Noreg. ”Maja og det magiske speilet” frå Gyldendal til dømes, samt ”Hvordan gikk det”  frå Aschehoug og “Garmanns sommer” frå Cappelen Damm.

På nynorsk finn me mellom anna ”Eg og Pontus går for gull” frå Gyldendal, der forfattaren Odd Nordstoga syng seg gjennom boka. Lydsporet er eit tillegg i den digitale bildebokapplikasjonen som ikkje lar seg gjera i papirutgåva. Me har også bøkene om ”Jakob og Neikob” og ”Unni og Gunni” frå Samlaget.

– Desse har enkle animasjonar og lydspor som blir aktivert når ein trykker på element i oppslaga. Desse tillegga gir liv og oppfordrar til interaktivitet i bildebøkene.

– Det kan vera vanskeleg å finna fram til dei gode litterære opplevingane i mylderet av kommersielle digitale bildebokutgivingar. Sjølv om det er færre nynorske bildebokapplikasjonar enn på bokmål, engelsk og dei fleste andre nordiske språk, er til gjengjeld dei som finst verkeleg gode, slår Ingrid Holmboe Høibo fast.

Les fleire saker om app'ar her!

Sjå Aslak på 2 år presentere Jakob og Neikob-appen her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE