Kollektivt ubåtvonbrot på Fedje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kollektivt ubåtvonbrot

Det seier Lisbeth Stuberg, ei av Fedje-kvinnene som har jobba aktivt for å få opp kvikksølvet etter ubåten U-864.

Tirsdag kom Kystverket med sin fjerde konklusjon etter si fjerde utgreiing om kva som skal skje med vraket av U-864, og endå ein gong var konklusjonen at dei skal dekka til vraket. Det andre alternativet var om kvikksølvet skulle hevast, og resten dekkast til.

– Skjønar Fedjefolket
– Det er viktig å få fram at det er mogleg å utføra begge alternativa. Men risikoprofilen er høgare ved heving av lasta, seier Hans Petter Mortensholm i Kystverket til avisa Nordhordland.

– Frå ein miljøfagleg synsvinkel, er tildekking tilstrekkeleg, seier han.

– Kva trur du folket på Fedje seier etter denne konklusjonen?

– Eg trur nok at dei hadde forventa noko anna. Eg trur dei er slitne og leie av heile problemet. Og mi forståing av korleis dei tenker er at tildekking er eit passivt tiltak utan å prøva å gjera noko. Eg har ikkje noko problem med å skjøna det, seier han.

LES OGSÅ: «Det er ikkje noko rom for å tildekka dette monsteret utanfor Fedje»

Å dekka til vraket vil kosta opp til 520 millionar kroner og ta rundt to år og fire månader frå ein set i gang operasjonen.

Å heva kvikksølvet ser dei på som svært risikofylt og svært mykje dyrare. Opp til 1,1 milliardar kroner reknar dei med at

det heile vil kosta, og at det vil ta tre år å få gjennomført operasjonen.

25-45 prosent kvikksøkv
Når dei dekker til vraket, dekker dei eit område på totalt 50.000 rutemeter, tilsvarande storleiken på sju fotballbanar. Årsaka er at ein skal dekka til både vraket og forureina sjøområde.

Ein kjem til å dekka til i fleire lag, og over sjølve vraket skal det vera eit dekkelag på 2,9 meter. I resten av området skal det vera på 1,15 meter.

U864 hadde rundt 130 kjølkammer som var anten fylt med ballast, var tomme eller var fylt med kvikksølv. Ei av utfordrin-gane er at ein ikkje veit kor kvikksølvet var lagra, og dermed ikkje veit kor mykje ein kan få opp.

LES OGSÅ: No har dei bestemt seg for fjerde gong: Kvikksølvet skal ikkje opp

Medan ein i førre rapport frå 2011 kom fram til at ein truleg kunne få opp 70 til 90 prosent av kvikksølvet, er det no monaleg redusert.

– Vi reknar med at det er mogleg å få opp mellom 420 og 810 av dei 1876 flaskene som var om bord, seier Nicolaj Tidemand frå DNV GL som har gjennomført det faglege arbeidet.

Lisbeth Stuberg legg no press på våre folkevalde politikarar på Stortinget.

Ber politikarane om å ta det rette valet
– Det som er viktig å poengtera er at Kystverket la fram to fullgode alternativ som begge er mogleg å gjennomføra. No vert det spennande å sjå om dei politikarane som ville fjerna kvikksølvet tek dei rette vala, seier ho.

– Eg forventar at dei er dei tøffe politikarane som dei sjølv etterlyste, legg ho til.

– Om vi ikkje kan stola på det dei går til val på, kven kan vi då stola på, peikar ho på.

LES OGSÅ: U-864: Har bora seg gjennom fyrste kjølkasse

Gamleordførar på Fedje, Erling Walderhaug er heller ikkje overraska over Kystverket sin konklusjon.

– Eg ville blitt storleg forundra om dei no hadde komme fram til noko anna, seier han.

Walderhaug meiner at ein burde ha utreia fleire alternativ når ein først var i gang.

Terje Storemark driv butikken på Fedje og sit i formannskapet for Høgre. Han seier dei er trøytte av heile saka på Fedje no.

– Det er greitt at dei har konkludert, men det var ikkje denne konklusjonen vi ville ha, seier han.

– Er trøytte og leie

– Men vi er berre lekfolk og dei er ekspertar og eg reknar med at denne saka har hatt høg pri alle vegar og at dei som har peiling på dette har jobba med det. Men når dei kjem til same konklusjon for fjerde gong, kan vi protestera kva vi vil. Kva kan vi gjera når dei seier dette er det einaste rette, seier han.

– Kva trur du Fedjefolket tenker no?

– Eg trur dei fleste er skuffa over at ikkje noko skal opp. Men vi er trøytte og leie, og det skal noko til for å mobilisera igjen, seier han.

LES OGSÅ: Fryktar 20 tonn kvikksølv har lekka ut av U-864

– No vil vi som bur her ute komma oss vidare.