Frp-studentar mest villige til å jukse
Kvar fjerde student som er Frp-veljar, ville ha juksa på eksamen dersom dei ikkje risikerte å bli tatt, ifølgje ei ny undersøking.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse er mest villige til å jukse
Dei minst villige til å jukse er Miljøpartiet Dei Grønes veljarar. Blant dei ville berre 5 prosent ha juksa. Gjennomsnittet for alle parti ligg på 12 prosent.
Undersøkinga er gjennomført av Sentio for Norsk studentorganisasjon og avisa Universitas.
Professor Frank Aarebrot meiner den viser at Frp-veljarane er meir uærlege enn gjennomsnittet og trur det kan vere ein samanheng mellom resultata og ideologiane til partiet.
– Menneske med individualistiske ideologiar vil kanskje jukse meir enn dei med kollektivistiske haldningar, seier Aarebrot.
Formann Siri Ulleberg i Oslo-laget til Framstegspartiet Ungdom (FpU) meiner forklaringa er ei anna.
– Resultata kan kome av at Frp-veljarane er dei einaste som er ærlege i undersøkinga, seier ho til Universitas.
I undersøkinga svarer 18 prosent av mennene i undersøkinga at dei ville ha juksa dersom dei hadde hatt moglegheita, mot ein av ti kvinner. I tillegg verkar yngre studentar meir villige til å jukse enn eldre studentar. (©NPK)