– Me er leie av prat. No krev ungdom handling og høgare klimamål, seier leiar i Natur og Ungdom Arnstein Vestre.

mm

TNS Gallup sitt årlege klimabarometer vart i dag lagd fram på Litteraturhuset i Oslo. Tala viser at ungdom under 30 år er meir bekymra for klimaproblemet enn før. Natur og Ungdom meiner tala viser at ungdom er utålmodige på at klimagassutsleppa faktisk skal gå ned.

– Me som er unge i dag har høyrt politikarar snakke om klimaproblemet heile livet vårt. Me ser at klimaendringane allereie er i gang, og skjønar at det er me som må rydda opp om dei som er vaksne i dag ikkje ordnar opp. Kvar dag me ikkje gjer noko, vert konsekvensane større og større, det innser dagens ungdom, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

– Pumpar opp forureining
Klimabarometeret vert lagt fram med jamne mellomrom, og viser at unge si uro for klimaendringane har auka. Organisasjonen trur uroa kjem av at det blir snakka mykje om klimaproblemet, og likevel klarer ikkje politikarane å få utsleppa til å peika nedover.

– I Noreg har me tent oss rike på å pumpe opp forureining i over 40 år. Me har eit heilt spesielt ansvar for å gå føra for å få ned utsleppa. Det inneber høgare klimamål, at me kutta klimagassutsleppa her i Noreg og at oljeindustrien òg tar delen sin av dugnaden. Me vert meir og meir utålmodige, avsluttar Vestre.

– EU-mål er ikkje ambisiøse
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft sa i førre veke at ho støtta det ho omtalte som «EUs ambisiøse mål» om å kutta utsleppa med 40 prosent innan 2030. Noreg skal alt kutta 30 prosent av våre utslepp innan 2020. Natur og Ungdom meiner klimaministeren må dra meir opp av hatten dersom Noreg skal ta delen vår av klimaansvaret.

– Det er ein bløff at EUs mål er ambisiøse. 40 prosent vil diverre ikkje innebere at utsleppa vert redusert raskt nok. Sundtoft må levera mykje meir ambisiøse mål dersom me skal ta delen vår av klimaansvaret, avsluttar Vestre.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR KLIMA!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

ANNONSE