Røde Kors vil ha krig og konflikt inn i skulen.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

Tre av fire meiner det er akseptabelt å bryte reglar i krig, og svært få kjenner det faktiske innhaldet i Genève-konvensjonane. Det viser ei undersøking som Røde Kors har gjennomført.

63 prosent svarer at dei ikkje har fått opplæring i reglane i krig verken på skulen eller i militæret. To av fem svarer at det kan vere greitt i enkelte tilfelle å angripe byar eller landsbyar, sjølv når dei veit at dette vil føre til sivile skadar. Berre 10 prosent har kjennskap til det faktiske innhaldet i Genève-konvensjonane, viser undersøkinga.

QUIZ: Prøv deg på den store krigsquizen!

– Dette er tal vi som nasjon ikkje kan vedkjenne oss, seier generalsekretær Åsne Havnelid i Røde Kors til Dagsavisen.

Ho meiner det er behov for å undervise i internasjonal humanitærrett og reglar for krig og at dette må inn i opplæringslova. Det må også vere med i pensum og læreplanar, meiner Havnelid. (©NPK)

LES OGSÅ: – Krigsbrotsverk i dataspel bør straffast

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

Kommentarar

ANNONSE