Wham bam Ida-slam

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rocka forskings- formidling

– Det var jo eit veldig passande tidspunkt å få dette tilbodet på, gliser Jørn Hurum, fyrsteamanuensis ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. På skjermen bak han går ein tidleg versjon av videoen til låta han har skrive teksten til.

Via ein felles kjenning vart Hurum sett i kontakt med Achim Reisdorf, ein tysk paleontolog med endå større musikkinteresse enn han sjølv. I 2013 starta Reisdorf prosjektet «Science Slam Sonic Explorers» (SSSE) saman med produsenten Submerged. Ideen med SSSE er å gje forskarar ei ny plattform for formidling.

Svevande kor og stoner-komp

– Science Slam kjenner vi frå før, frå t.d. Forsker Grand Prix. Det nye her er at det vert sett musikk og bilete til. Det er altså ikkje laga for å framførast live, men for å distribuerast på nett, forklarar Hurum.

Ida er den femte videoen SSSE har produsert. Mina Caputo, vokalist i Life of Agony, resiterer teksten over musikken til Gator Bait Ten, som m.a. har eit eks-medlem frå norgesaktuelle Swans på trommer.

Låta startar med eit opptak av operaen «Aïda» frå 1909 – men den fyrste A-en er fjerna, og vips: «Ida». Men det varar ikkje lenge før eit svevande «masillae»-kor vert avløyst av eit tungt, stoner-aktig komp og teksten startar. Det heile er iblanda sitat frå diskusjonen, og mange av Esther van Hulsen sine barnebokillustrasjonar er òg med.

Ikkje snill gut

– Eg har oppsummert dei fem åra som har gått sidan lanseringa, og den vitskaplege debatten som har pågått. Eg påstår ikkje at eg sit inne med den endelege sanninga, og er open på at det er mange som er uenige i mine konklusjonar.

Men linjer som «the more furious a scientist is, the more fragmentary are his own fossils» fortel at Hurum òg benyttar anledninga til å letta litt på trykket.

– Hehe, kan ikkje berre vera snill gut når ein skal spela rock’n’roll, veit du, ler han.

– Eg er ikkje redd for å ta dei vitskaplege diskusjonane, sjølv om det til slutt skulle visa seg at eg har teke feil. Men ein del av debatten, spesielt den fyrste tida etter lanseringa, syntest eg for ofte bikka over i det usaklege. Det gjorde meg litt oppgitt til tider.

Nytt og spennande

Hurum understrekar likevel at hensikta ikkje er å ta noko oppgjer med nokon som helst.

– Drivkrafta er å gjera noko nytt og spennande. Det ville ikkje vera meg i mot om akademia fekk blåst litt voks ut av øyregangane og oppdaga at det finst annan musikk enn den danna klassiske, seier han.

– Kanskje kan formidlingsrock bli ein ny sjanger? Det er mulig eg må spørja om eg kan få varma opp for Black Debbath.

Først publisert hjå Naturhistorisk museum.