Frp vil ikkje forby bensindrosjer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ikkje forby bensindrosjer

– Frp er eit parti som i utgangspunktet ikkje ønskjer å komme med nye forbod og påbod. Vi ønskjer å stimulere folk med gode og positive verkemiddel, seier statssekretær i Samferdselsdepartementet Bård Hoksrud (Frp) til NRK.

LES OGSÅ: Kjem aldri til å kjøpa bensinbil igjen

– Dette klarer dei sjølv
Han viser til at drosjeeigarar er sjølvstendig næringsdrivande som driv eiga verksemd og som dermed bør få lov til å bestemme kva slags bilar dei ønskjer å køyre. Drosjenæringa er dessutan allereie på god veg når det gjeld å fornye bilparken med null- og lågutsleppsbilar, meiner Hoksrud.

– Dette klarer dei heilt fint sjølv, seier han.

LES OGSÅ: Elbilparken dobla på eitt år

Glade taxisjåførar
Norges Taxiforbund, som ikkje støttar Høgres ønske, gler seg over utsegna til Hoksrud.

– Vi er positivt innstilt til elbilar, men dei går ikkje like bra overalt og passar ikkje til alle oppgåver vi utfører. Eit isolert pålegg berre for taxinæringa synest vi er heilt håplaust. Det er ikkje gjennomførbart, seier forbundsdirektør Lars Hjelmeng. (©NPK)

LES OGSÅ: På veg mot avgift