Kjære diktator!

Emil André Erstad
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ope brev til president Aleksandr Lukasjenko

Palace of the Republic
Oktyabrskaya Square 1
Minsk, Belarus

For det første lurar eg på kva du er redd for, president. For over alt i Kviterussland har du plassert store mengder politi. På grensestasjonane er det eit nøklehol utan like ein må kome gjennom for å i det heile tatt sleppe inn i landet ditt. Eller endå verre; for å i det heile tatt sleppe ut. For enkelte gonger har du jo brukt landet ditt som eit einaste stort fengsel for journalistar og politikarar som er ueinige med deg. Det kan sjå ut som at du fryktar noko eller nokon så intenst at du gjer alt du kan for å halde kontroll.

LES OGSÅ:

Spreier redsle

Problemet med frykta di, president, er at det ikkje berre er du som går rundt og er redd heile tida. Når du er så redd som du er, så blir resten av befolkninga di ganske oppskaka òg. For dei kan jo ikkje unngå å legge merke til alle politifolka som heile tida patruljerer gatene i Minsk, eller at dei som ytrar seg kritisk til deg blir sett i fengsel. Folk blir jo redde når dei ser at naboen deira som førre veke melde seg inn i eit opposisjonsparti, mistar jobben sin i staten din veka etterpå. Dei unge vert oppdregne til å tru at det er farleg å vere kritisk, når alle dei som skriv kritiske artiklar mot deg på nettet mistar studieplassen sin på dei statlege universiteta dine. Frykt spreier seg som eld i tørt gras.

Journalistar får ikkje skrive det dei skal skrive, president. Det er jobben til journalistar å skrive om det som skjer i samfunnet. Viss ikkje dei gjer jobben sin veit ikkje folket kva for ein politikar dei bør stemme på i vala du arrangerer innimellom. Veljarane vil heller ikkje få vite det dersom nokon driv valfusk, eller om politiet gjer overgrep mot nokon av politikarane. President, kvifor set du journalistar i fengsel berre fordi dei gjer jobben sin?

For å ikkje snakke om alle dei som vert så redde at dei gjer seg til angjevarar. Det gjer jo noko med eit samfunn, president, når alle går rundt og kikkar seg på skuldra heile tida – fordi dei er redd for at nokon skal angje dei til KGB-politiet ditt. Eit politi som er kjend for alt anna enn å bruke snille metodar mot dei som er ueinige med deg. Ikkje berre øydelegg det liva til dei som hamnar i fengsel, som vert torturert eller som vert overvaka. Det øydelegg tilliten mellom folk. Det øydelegg samfunnslimen. Held ikkje det deg vaken om natta, president?

Det er ikkje så farleg som du trur

Men det skal du ha, president. Du gjorde eit skikkeleg sjakktrekk med ishockey-VM då du sørgja for at det hamna i Minsk i mai 2014. Det er jo eigentleg som tatt ut frå oppskrifta i den store Diktatorboka, det. Du skaffar deg ein stort internasjonalt meisterskap, sørgjer for at heile verda skriv om kor fint og flott det ser ut i Minsk, og så kjem det mange ishockeyglade turistar dit. Men president, du er lur nok til å forstå at dei færraste hockeyspelarar eller hockeyfans vil bruke tida i Minsk til å grave i menneskerettstilhøva der. Du hadde i alle fall rett om det norske ishockeylandslaget, som har vore ganske så stille om diktaturet ditt og alle dei vilkårlege fengslingane av opposisjonelle som går føre seg medan dei er i byen. Du veit at dei er mest opptekne av idrett. Og dei trur at idrett ikkje er politikk. Men president, du veit betre.

I starten spurte eg deg kva du var redd for, president. Sanninga er at eg trur eg veit kva du er redd for. Og eg har eit par teoriar.

Den første teorien min er at du fryktar eit Kviterussland med kaos og ustabilitet. Det som har skjedd i land som Libya, Egypt, og no sist i nabolandet ditt Ukraina. Om det er det, så forstår eg at du er redd. Men då forstår eg ikkje kvifor du gjer det du gjer. Frykt og undertrykking skaper kanskje stabilitet ei stund, men folket ditt blir til ein lite føreseieleg trykkokar som når som helst kan gå i lufta.

Det andre teorien, som eg trur treff betre, er at du rett og slett er redd å gje slepp på privilegia og rikdomen som kjem med jobben som diktator. Kven veit kva du tenkjer, men eg håpar i alle fall at du ein gong let folket ditt fri frå undertrykking og brot på menneskerettane. Det er ikkje så farleg som du trur, det demokratiet som mange av dei ropar på.

Først publisert på NRK Ytring.