Det rører seg rundt Sondre Lerche. Han slepp singelen «Bad Law» 23. mai – og urframfører songen i heimbyen Bergen.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det er under Festspela i Bergen at Lerche no inviterer til gratiskonsert.

– Det er ei uventa ære å få spele den nye singelen live for første gong under Festspela i sjølvaste Bergen. Det kjennest naturleg å begynne her, med gjengen min i ryggen framfor bergensfolket. Dette skal bli den beste konserten min nokosinne, seier trubaduren sjølv.

– Lerche er ein spennande artist og låtskrivar, og sjølv om han ikkje er busett i Bergen no for tida, er han ein flott ambassadør for det kreative miljøet som kokar i byen, meiner festspeldirektør Anders Beyer.

Konserten finn stad i Skostredet i Bergen sentrum laurdag 24. mai.

Den New York-busette artisten har i seinare tid markert seg som mentor i norske «The Voice» og som komponist til filmmusikken i «The Sleepwalker». (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE