Hege Torunn Kovajord har trena kvar dag i fire år. Med viljestyrke som våpen har ho vunne kampen om sin eigen kropp.

Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad
Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad

– No flatar det ut snart, altså, lovar Hege Torunn Kovajord (30).

Me er på veg til Flekstveit i Lårdal. For å koma seg dit må ein fylgje traktorvegen frå botnen av dalen, og så oppover – bratt oppover – i halvannan kilometer. Det finst ingen flate parti som gjev føtene kvile.

Me er snart på toppen. Sjølv pustar eg tungt, og varmen dunkar i kjakane. Innan me når målet har me gått bratt motbakke i nesten ein time.

Hege Torunn er ikkje litt sliten ein gong. Ho er gjennomtrent, og marsjerer glatt opp på litt over ein halvtime til vanleg (men då blir sjølv ho sliten).

– Men du skulle berre visst kor mykje eg pusta for å koma hit, seier ho.

Lei av blikk og kommentarar
For Hege Torunn har ikkje alltid vore i god form. For fire år sidan vog Lårdals-jenta 80 kilo meir enn ho gjer i dag. Det er mykje ekstra å bera på for ein 1,70 lang kropp. Då tobarnsmora gjekk på vekta etter at den andre dottera hennar kom til, blei det ein vekkar.

– Eg vil leva og sjå døtrene mine vekse opp. Så eg måtte gjera noko, seier Hege Torunn.

Ho har jamt vore svært interessert i trening og friluftsliv, men tidlegare har det ikkje vore så aktuelt på grunn av storleiken hennar. Ho følte at det liksom ikkje passa seg heller, når ho var så stor.

– Eg var lei av å vera tjukk, lei av ekle kommentarar, av bebreidande blikk kvar gong eg tok meg ein matbit. Og eg var lei av å ikkje føle meg like verdifull som andre. For når ein er overvektig blir ein sett på som litt dummare, legg ho til.

Eit liv med overvekt
Heilt frå ho var liten har Hege Torunn vore stor. Og heilt frå ho var liten har ho hatt lyst til å gå ned i vekt. Lyst til å vera som dei andre. Lyst til å få på seg dei same kleda som klassekompisane. Lyst til å bli møtt med respekt.

– Det er mykje skam knytt til det å vera overvektig. Det var på ein måte flaut å innrømme at eg var stor og måtte gjera noko med det – sjølv om eg sjølvsagt var veldig klar over at både eg og alle andre visste det, seier Hege Torunn.

Ungdomstida var tøff. Mykje mobbing har sett spor. Hege Torunn blei større, for maten blei ei trøyst. Det blei ein vond sirkel.

«Mat» og arv
– Historia hennar er ei vanleg forteljing, ja, seier Jøran Hjelmesæth, professor i medisin og seksjonsleiar ved Senter for sykelig overvekt i Helse Sør-Øst, Sykehuset Vestfold.

100 000 nordmenn lid av sjukeleg overvekt. To tredelar av desse er kvinner. I fylgje Hjelmesæth er den vanlegaste årsaken til fedme og sjukelig overvekt det han kallar søppelmat, kombinert med arveleg disposisjon for overvekt:

– Årsaka er ofte altfor lett tilgjengeleg, billig, sterkt marknadsført energirik og næringsfattig «mat» med mykje sukker og feitt, som dessverre smakar veldig godt. Dei mange som har medfødd dårlegare appetittregulering, lågare aktivitetsbehov og lågare forbrenning toler slik energitett mat dårlegare og blir lettare overvektige, seier Hjelmesæth.

Livsstilsendring må til
Å endre haldning til mat har vore ein kritisk suksessfaktor for Hege Torunn. Ho måtte lære seg å tenkje nytt om maten ho åt. Kunnskap blei vegen til målet. Ho fekk råd av ei helsesyster då ho starta, og elles har ho lese og lese på eiga hand. Kva verknader har dei ulike matvarene på kroppen? Korleis skal eit måltid vera samansett?

Nykelen er så enkel (og vanskeleg) som normal, sunn kost i passelege mengder.

– Eg går ikkje på diett. Det funkar ikkje i det heile. Berre spør meg om alle slags slankekurar i verda – eg har prøva. Og dei verkar ikkje, flirer Hege Torunn.

Vond start
For fire år sidan hadde ikkje Hege Torunn kome seg til Flekstveit til fots. Dei fyrste forsiktige gåturane langs vegen heime i Lårdal var smertefulle. Både fysisk og psykisk.

– Eg såg korleis folk tenkte «kva er det den dundra spring etter vegen for », seier Hege Torunn og ler litt.

Ho kan kanskje le av det no. Men kampen for å bli sett og respektert som andre – normalt slanke – folk, har vore mykje av motivasjonen.

– Eg synest det er ekkelt å merke skilnaden på korleis folk møter meg før og no, kanskje særleg hos dokterar. Eg blir møtt med ein heilt annan respekt enn før. Det er trist at overvektige ikkje blir respektert på same måte som andre, seier Hege Torunn.

Ho har gjennom heile prosessen fått mange gode ord og støtte frå familie og folk i bygda.

– Det har vore med på å gje meg motivasjon. Og mannen min, som er veeeldig tolmodig, har vore ein svært viktig støttespelar, smiler ho.

Vil hjelpe andre
Framtidsdraumen til Hege Torunn er å bli ernæringsfysiolog. Slik vil ho hjelpe andre – særleg barn og unge – i same situasjon som ho har vore i store delar av livet sitt. Ho vil gjerne at folk spør henne om dei lurar på noko om korleis ho har gått fram, og korleis det har vore. Gode råd er ikkje dyre hos denne dama.

– Det at eg har slitt med overvekt og mobbing er sjølvsagt trist, og det var veldig tunge ungdomsår. Mobbing er aldri akseptabelt. Men tross alt er eg mange erfaringar rikare på grunn av dette. Eg har blitt ein sterk person, og har funne mitt mål i livet. Eg brenn for å kunne hjelpe andre med dette problemet, seier Hege Torunn.

No er det Hege Torunn som piskar andre opp til Flekstveit, som går fremst og seier dei må greie det, at dei klarar å gå litt fortare.
Nazi-Olga, kallar venene og systera henne.

– Det er eit noko fælt kallenamn, men eg kosar meg med endeleg å vere den som kan vere ein motivator og pisk for andre, smiler ho.

Sjølv har Hege Torunn gjort alt sjølv. Ho har ikkje hatt nokon til å piske seg, ingen personleg trenar.

– Rett og slett fordi eg syns det var flaut. Eg orka ikkje tanken på at nokon skulle vera med og sjå på meg, seier ho – og legg til at for mange er det sikkert enklare å ha nokon å gjera jobben saman med.

Energisk mamma
No trenar ho kvar dag – i ei eller anna form. Nokre dagar hardt, andre dagar tek ho ein sykkeltur med dei to barna, eller leikar med dei på trampolina. Barna har blitt veldig glade i å vera i aktivitet – akkurat som mora.

– Det er ikkje lett for andre som ikkje sjølv har erfart på sin eigen kropp å ha innsikt eller gje gode råd. For barn som slit med dette, er det viktig å poengtere at det er ikkje det å bli tynnare som er eit mål, men det å få god helse, og vera aktiv og sunn. Dette har vore veldig viktig for meg å ha fokus på overfor til min eigne ungar. Dei har sett at mamma har blitt stadig tynnare, men det er ikkje det som skal vere eit forbilde for dei; det er ein sunn, energisk og sprek mamma, seier tobarnsmora engasjert.

Vil hjelpe
Me har lagt Flekstveit bak oss, og er snart nede ved bilen att. Vanlegvis joggar Hege Torunn ned den bratte vegen. Det gjer me ikkje i dag.

Hege Torunn vrir litt på seg før ho opnar bildøra. Ho er redd for at det skal bli ei «sjå kor flink eg har vore»-reportasje.

– Eg hadde eigentleg ikkje lyst til å stille opp i avisa, seier ho.

– Men viss eg kan vera til hjelp for andre, så trur eg det er verdt det.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52

LES OGSÅ

ANNONSE