Her trivst elevane aller best

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag blei deler av resultata av Elevundersøkinga lagt fram. 400.000 elevar frå femte trinn til siste på vidaregåande har svart på spørsmål om korleis dei har det på skulen.

Ingen elevar i landet trivst betre enn 7. klassingane ved Fiskarstrand skule i Sula kommune. Berre 7. klassingane ved Ebbestad skole i Svelvik trivst like godt. Av fem moglege poeng, får skulane full score. Snittet i landet er 4,4 poeng.

– Det er jo fabelaktig, seier rektor Arne Birkeland. Han trur dei fleste skulane i landet gjer sitt beste for å ha bra trivsel. Han fortel om bra samarbeid med elevrådet på skulen og foreldra.

– Elevane våre blir høyrt på det jamne. Menneskesynet og elevsynet er me sams på heile skulen.

– Foreldra er glade i skulen til ungane sine. Det er gull verdt, seier rektor. Sjølv om trivselen er god, fortel han at uteområdet er langt frå fantastisk, og at dei gjerne kunne hatt betre plass på skulen.

LES OGSÅ: Når skulen har feil fokus

Godt samhald
7. klassingane Thea Stadsnes og Henrik Remme sit i elevrådet ved Fiskarstrand skule. Dei er godt nøgde med skulen sin og fortel om godt samhald på tvers av klassetrinna – både på skulen og i fritida.

– Me har ei fadderordning på skulen der elevane i femte klasse passar på dei i første, dei i sjette passar på dei i andre og me i sjuande passar på dei i tredje, fortel Thea.

Tidlegare i år var ho med på å arrangera fotballskule for SFO-elevane saman med nokre klassekameratar.

– Me leikar både gutar og jenter saman på skulen, seier Henrik.

– Viss nokon blir leie seg, tar lærarane det opp med elevane, legg han til.

Når elevane jobbar godt og effektivt, får dei ofte ei belønning for strevet.

– Då kan me av og til få velja prosjekt som me skal jobba med. Det er veldig kjekt å laga powerpoint-prosjekt. Eller så få me teikna litt. Då får me lyst til å jobba hardare, seier Thea.

Skulen har kjøpt inn nettbrett som elevane synest er veldig kjekt å få bruka.

LES OGSÅ: Skuleelevar må eta raskare

På kartet under kan du sjå kor godt det står til på alle grunnskulane i Noreg. Karakteren 5 betyr best trivsel. Skulen med lågast trivsel scorar 2,9. Enkelte skular med lågt elevtal har ikkje tilgjengelege tal.