Føreslår turistskatt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur dette vil koma på agendaen att. Snart. Det seier Erling Oppheim, og gjer det klart:

– Me ser ikkje på det som ein skatt, me brukar begrepet miljøbidrag.

I front
Som dagleg leiar er han oppteken av at Nærøyfjorden Verdsarvpark set seg sjølv i førarsetet i arbeidet med ein sterkare miljø- og klimaprofil for det unike området dei forvaltar.

– Det handlar om korleis me som bur her vil ha det. Og det handlar om å kunna skapa grunnlag for større verdiskaping. I ein slik samanheng bør me synleggjera kva forventningar me har til bruken og vedlikehaldet av området, seier Oppheim.

Fritt fram
Han meiner dette ikkje nødvendigvis først og fremst bør skje gjennom reguleringar, men krava ein kjem opp med bør vera klare og lette å skjøna.

– Kjem du til området vårt med båt, møter du få reguleringar. Det er mest fritt fram, seier Oppheim, og meiner situasjonen på land er mykje lik.

– Det er fleire døme på at turistar tek seg til rette på ein ikkje grei nok måte, mellom anna med tanke på avfallskasting og toalettløysingar, seier Oppheim, og legg til: – Me ser også at auka trafikk på fjorden gjev fleire bølgjeskadar som det kostar å få ordna.

LES SAKA I SOGN AVIS!