Sterke reaksjonar på VG-spøk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reagerer sterkt på VG-spøk

VG spøkjer med den austerrikske vinnaren av Eurovision Song Contest på leiarplass.

– Om dette er meint humoristisk, synest eg det er usmakeleg, seier Ørstavik.

Under ein alvorleg hovudleiar om rus i trafikken i papirutgåva av VG måndag, skriv avisa ein kort andreleiar om Conchita Wurst som i kjole og skjegg stakk av med sigeren i den både gjeve og utskjelte musikkonkurransen laurdag kveld. Under tittelen «Sirkus MGP» skriv avisa: «Den skjeggete dame vant Melodi Grand Prix. Utfordrere neste år er kjempeapen fra Borneo og den syngende kamel.»

– Mange i samfunnet vårt vert utsette for hets og trakassering kvar einaste dag på grunn av kjønnsuttrykket sitt. Leiaren i VG er usmakeleg fordi han legitimerer og nesten oppmodar til slik nedlatande åtferd, seier diskrimineringsombodet.

Bård Nylund i Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LLH) kallar nivået «utruleg pinleg».

Politisk redaktør Hanne Skartveit innrømmer i eiga avis at leiarartikkelen «ikkje trefte» og trur mange har lese teksten annleis enn han var meint.

– Vår underleiar er jo meint som ein kritikk av fordommar ved å visa til vår ikkje særleg stolte historie frå den gongen ein viste fram folk som var annleis på sirkus. Når det skapar så mykje oppstyr at ein transkjønna person deltek i Grand Prix, så fortel det at desse fordommane framleis lever, forklarer Skartveit. (©NPK)