Krev kvalitetssikring av lærebøker

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje kødd med læreboka mi

Lise-May Sæle, fylkesleiar i Unge Høgre, valde å setja søkjelys på kvalitietssikring av lærebøker då ho talte til landsmøtet.

– Nesten kvar dag opnar eg noko fantastisk, noko ubeskrivelig og noko som gir meg lyst, glede og motivasjon. Men så stikk det i hjartet mitt, det er noko som manglar, det er som ei regjering utan Høgre, eit Høgre utan G og eit Norge utan vårt fagre Vestland. Eg snakkar sjølvsagt om læreboka mi som ikkje dekkjer alle læremåla i læreplanen.

Ho meiner lærebøkene bør kvalitetssikrast av det offentlege.

– Ei gruppe menneske som verkeleg veit kva læreplanen inneber, som i motsetning til Liv Signe Navarsete veit kva dei pratar om, bør gå igjennom lærebøkene etter kvart som dei blir skrivne og såleis sikra at lærebøkene er gode nok. Dette vil spara lærarane for mykje arbeid, og dei kan få frigjort tid til å undervisa og driva med elevretta arbeid, konkluderte Sæle.

Sogn og Fjordane Høgre hadde sendt inn eit resolusjonsforslag til landsmøtet om at alle lærebøker skal kvalitetssikrast av fagpersonell og Kunnskapsdepartementet før dei kan gjevast ut.

Resolusjonen vart ikkje teken opp til handsaming.

– Eg tala i den generelle debatten. Eg har ikkje møtt nokon som ikkje er samd i dette, og salen verkar veldig samd med meg. Kunnskapsministaren gav meg òg god tilbakemelding, seier Lise May Sæle til Framtida.no.

– Det er på høg tid at me igjen innfører den tidlegare ordninga der bøker vart kvalitetssikra av ein komité nedsett av Kunnskapsdepartementet før dei vart utgjevne og kunne takast i bruk. Dette meiner vi sikrar ei likare og betre utdanning for elevane fordi bøkene er meir direkte kopla til læreplanane. Det skal ikkje vere slik at elevane i Noreg skal vere avhengige av kvar enkelt forfattar og utgjevar sitt skjønn for å få seg ei god utdanning, seier Lena Førde, tidlegare nestleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.