– Fører oss 2000 år tilbake

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her blei heile byen gravlagd

Vesuvs gigantutbrot i år 79 e. Kr. har aldri slutta å fascinere oss. Redslene som utspelte seg då Pompeii vart gravlagt av oske, kan vi berre førestille oss. Men «forseglinga» gjorde at vi i dag faktisk kan spasere rett inn i den antikke verda. Naturkatastrofen for 2.000 år sidan fekk fatale følgjer for folk som budde i området, men Pompeii og Herculaneum hamna på verdsarvkartet – i spektakulær stil.

Det er skrive mykje om Pompeii, ikkje minst har breva signert Plinius den yngre (skrivne 25 år etter katastrofen) vore ein god kjelde. No har storfilmen «Pompeii» landa på norske kinoar, og kritikarar meiner framstillinga her er ein smule ute og køyrer.

– Eg skal absolutt sjå filmen. Eg er sikker på at regissøren har teke seg store fridommar, men eg er alltid nysgjerrig når moderne filmteknologi ser mot antikken, seier professor Rasmus Brandt til NTB. Han er professor emeritus i klassisk arkeologi.

– Eg kan tenkje meg at regissøren har vore opptatt av å skildre det heile mest mogleg spektakulært og er førebudd på ein heil del fri dikting. Men samtidig veit ein jo mykje om sjølve utbrotet og det skal bli spennande å sjå korleis dette blir skildra. Filmar som dette kan skape både diskusjonar og interesse for antikken, slik tilfellet var med «Troja». Då såg vi at mange las Homers «Iliaden» og «Odysseen» etterpå, påpeikar professoren.

Moderne by
Brandt, som i dag er busett i Roma, har besøkt Pompeii fleire gonger. Han seier kvardagslege gjenstandar, freskar og skulpturar fører oss rett inn i kvardagen til den vanlege pompeiaren.

– Det som også slår meg, er at bystrukturen ikkje skil seg nemneverdig frå vår. Du finn ei hovudgate, full av buer og forretningar, og sidegater med privatbustader. Det er som å gå i Bogstadveien i Oslo, meiner Brandt. Ved byporten vart tilreisande møtt av barar og ulike former for restaurantar.

– At vi faktisk veit så mykje om Pompeii og innbyggjarane, og har ein intakt by, gjer at vi ikkje berre blir fascinert av det som skjedde, men også kan identifisere oss med dei. Vi lever oss rett og slett inn i deira lagnader, seier professoren vidare. Og peiker på at det ikkje berre var bygningar og gjenstandar som kom fram frå oskelaga da den systematiske utgravinga av byen tok til i 1861.

– Menneska som vart gravlagt etterlet seg avtrykk i lavalaga. Ved å fylle gips i holromma etter dei, stod dei fram att også.

Pompeii – ein tragedie og eit underverk. Byen har fascinert oss heilt sidan han vart funnen att og utgravinga begynte for alvor i 1861. Pompeii har vorte eit ynda feriemål. Foto: Veronica Karlsen / NTB / NPK

LES OGSÅ:– Elitane kveler oss alltid

Verdsarva forvitrar
Pompeii er framleis open for turisme, sjølv om mange manar til varsemd. Nyleg vart det sett av 2 millionar euro til bevaringsarbeid, etter at kraftig regnvêr fekk bygningsmasse til å rase saman. Kritiske røyster meiner italienske styresmakter har neglisjert byen – som er på Unesco's verdsarvliste.

Brandt ser at italienske arkeologar har ei svært vanskeleg oppgåve på grunn av underbemanning, tungt byråkrati og feilprioritering.

Sjølv førebur han seg for tida på ein ny tur til tyrkiske Hierapolis. Han har sjølv vore initiativtakar og seinare leiar for den norske deltakinga i dette prestisjefylte utgravingsprosjektet som går føre seg i det berømte verdsarvområdet Pamukkale/Hierapolis.

Prosjektet har fått mykje merksemd, ikkje minst i 2011 då grava til apostelen Filip vart funnen.

– Dette er utruleg moro å vere med på. Det er sjølvsagt slitsamt å liggje ut i vekevis, men på den andre side kjem eg alltid heim med foryngja sjel, seier 71-åringen til NTB.

LES SISTE FILMNYTT HER!

Faktaboks

Fakta om Pompeii

* Pompeii er ein av Italias mest kjente attraksjonar.
* Byen vart bevart under lag av oske etter eit vulkanutbrot i år 79 e.Kr.
* Byen vart ikkje funnen att før i 1748, og i 1861 begynte ei systematisk utgraving av området.

Fakta om filmen «Pompeii»

* Eit actioneventyr i 3D
* Regi: Paul W.S. Anderson
* Skodespelarar: Kit Harington, Emily Browning, Carrie-Anne Moss, Kiefer Sutherland, Paz Vega, Jared Harris, Jessica Lucas, Adewale Akinnuoye-Agbaje og Jessica Lucas
* Kinopremiere: 9.5.2014
* Aldersgrense: 15 år