Fann fram til skrivegleda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å byte språk meiner forfattaren sjølv har hjelpt henne til å finne si eiga stemme.

– I tillegg er eg veldig glad i nynorsken, meiner Relling Berg.

Relling Berg kjem frå Ålesund og bur i Bergen. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen Utfor, som vart nominert til Brageprisen. I fjor kom ungdomsromanen Beina i gitaren, der me møter 17 år gamle Bo som prøver å finne sin plass i samfunnet.  Den unge forfattaren er oppteken av vegval og den vanskelege brytningstida mellom barndomstid og ungdomstid i bøkene sine.

Etter friluftsliv på folkehøgskule og to år på Industriell Design ved NTNU for å bli sivillingeniør byrja forfattarlivet å ta over. Medan ho studerte i Trondheim skreiv ho ungdomsromanen Utfor på fritida, etter kvart dukkar tanken på å ta eit år på Skrivekunstakademiet i Hordaland opp.

– Eg treivst så godt i Bergen at eg blei verande, og no skriv eg ei masteroppgåve i Digital Kultur ved UiB med fokus på ebøker og norske forfattarar. I november skal masteroppgåva leverast, kva som elles skjer i 2015 blir spanande å sjå.

– Kvifor vart du forfattar?

– Heilt sidan eg var lita har eg likt å fantasere og skrive forteljingar, dessutan har eg vore veldig glad i å lese bøker. Og det er denne skrivegleda som har gjort at eg har ønska å skrive bøker, i tillegg til alt det eg har fått lært og opplevd gjennom dei leseopplevingane eg har hatt. Eg trur det er viktig at det finst gode bøker som tar opp vanskelege tema, og gir lesaren mulegheit til å setje seg inn i andre sine liv.

Ho blir inspirert av alt frå musikk til reising, på å høyre andre menneske fortelje og det å sjå noko vakkert ute i naturen. Sjølv meiner ho det er viktig å vere nyfiken når ein skal skrive.

– Eg synest språket gjer det muleg å utforske verda på ein veldig spanande måte. Noko som er godt skrive kan få meg til å sjå det daglegdagse på nye måtar.

– Kvifor ungdomsromanar?

– Ungdomstida er ei veldig fascinerande tid, der kjenslene kanskje kan vere ekstra sterke. Men først og fremst har eg skrive dei romanane eg sjølv ønskjer å skrive og lese, og når eg har byrja å skrive har eg ikkje tenkt spesifikt på kven eg skriv for, det har komme seinare i prosessen. Eg har vore opptatt av å skrive om noko eg sjølv synest er viktig, interessant og spanande.

– Korleis er det å ha ei ung lesargruppe? 

– Det er fint! Og alltid kjekt å få meldingar frå ungdommar som har lese ei av bøkene mine og likt dei, og frå elevar som ønskjer å skrive oppgåve om bøkene.

Relling Berg er også glad i kritikarane og alle meldingar bøkene hennar får. Samstundes meiner ho det er viktig å ikkje la det få prege skrivinga for mykje.

Då kan eg miste fokus, slår den unge forfattaren fast.

– Gjeld det også forventningane folk rundt oss har?

– Eg trur det kan vere fint å ha forventningar, men samstundes er det viktig å ikkje la seg styre for mykje av dei. Av og til kan det vere bra å gjere noko som går i mot forventningane. Til dømes var det mot dei fleste sine forventningar då eg drog frå Sivilingeniørstudiet i Trondheim for å gå på Skrivekunstakademiet. Men skriving var noko eg verkeleg ønska å fokusere på, og no er eg svært glad for at eg tok det valet.

– Kva drøymer du om vidare?

– Å kunne skrive fleire bøker, skrive betre bøker, og så håpar eg at bøkene mine kan bety noko for nokon.

– Kor er du om 10 år?

– Kanskje er eg litt nærare å ein gong kunne leve av å skrive, seier ho tankefullt.

Som førebilete har forfattaren frå Ålesund Dostojevskij, ho lar seg fascinere av måten den russiske forfattaren skildrar karakterane sine på og korleis han lar dei få komme til orde i dialogane hans.

– Kva er god litteratur for deg?

God litteratur er når eg får oppdage noko nytt, anten om meg sjølv eller andre, i eit godt og rytmisk språk.

Det er tydeleg at mange også set pris på litteraturen til Relling Berg. Å bli nominert til Brageprisen ser forfattaren sjølv på som eit høgdepunkt i karrieren.

– Og like stort var det å få Kjell Holm Stiftelsens kulturpris, og karrieremessig var det verdifullt fordi det gav meg litt ekstra økonomisk fridom til å fokusere på skrivinga mi.

Les saka i Magasinett!