Heldig ulukkesfugl

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sky Ferreira er fødd 8. juli 1992 i Los Angeles i USA. Ho vaks opp i bydelen Venice Beach, hos bestemora som jobba som hårstylist for mellom andre Michael Jackson! Då Sky var lita, spelte ho piano og song i gospelkor. Michael Jackson var ein av dei som oppfordra henne til å gå vidare med musikkinteressa si.

Ferreira begynte å ta timar hos ein operasongar då ho var tidleg i tenåra. Etter kvart laga ho seg ein profil på MySpace, der ho la ut musikk ho hadde skrive. Då ho var 14, kontakta ho den svenske produsentduoen Bloodshy & Avant gjennom MySpace; dei hadde tidlegare produsert Toxic for Britney Spears, eit av forbilda til Sky. Bloodshy & Avant var imponerte over fjortenåringen, og ville gjerne jobbe med henne. Dette førte til at Sky i 2009 skreiv platekontrakt med Parlophone – ho var då 15 år.

Kontrakt – men ikkje album
Ferreira slutta på skulen for å jobbe med albumet; ho flytta til New York då ho var 16. Men trass i at ho spelte inn nesten 400 songar, vart ikkje plateselskapet nøgd. Leiinga klarte ikkje bestemme seg for kva kategori dei skulle lansere henne i; ein ny pop-babe eller ein seriøs låtskrivar? Og kva slags musikkstil? Sky begynte å sjå i andre retningar. Ho fekk ei rolle i filmen Putty Hill, og begynte å jobbe som modell. Samtidig gav plasteselskapet ut enkeltlåtar; One og Obsession vart små hits.

Dei følgjande åra annonserte Ferreira fleire gongar at debutalbumet hennar var rett rundt hjørnet; det skulle heite Wild at Heart, nei I'm not alright, nei I will! Det einaste som vart sleppt, var to EP-ar; As If (2011) og Ghost (2012). Til slutt ville ikkje plateselskapet bruke meir pengar på henne.

Den som til slutt redda debutalbumet til Sky Ferreira, var ho sjølv; takka vere modelljobbane hadde ho fått spart opp pengar. Desse brukte ho no til å betale produsenten Ariel Rechtshaid for å jobbe med henne i studio. Dei to hadde allereie samarbeidd på låten Everything is Embarrassing frå Ghost. Brikkene fall på plass, og albumet vart spelt inn og godkjent av plateselskapet i løpet av ein månad.