Dansar seg inn i stor hovudrolle

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om det har hendt at Torkjell har hatt ein og annan replikken i framsyningane han har vore med i så langt, er det milelangt frå å skulle spela hovudrolla i sagndramaet om Kong Nor – mannen som i fylgje Orknøyingasaga og Tormod Torfæus samla det sørlege Noreg til eitt rike og gav opphavet til kongeriket Noreg.

– Jau, det er mykje tekst og mange replikkar, og eg er på scena under heile framsyninga, seier den spente ulvikjen.

Grunnlovsframsyning
Kvedaren Jon Anders Halvorsen hadde høyrt den lite kjende segna om Kong Nor. Han fekk med seg Eldgrim Springgard til å skriva manuset til den store framsyninga, der svenske Leif Stinnerbom har regien og Sigurd Johan Heie har koreografien.

Bakgrunnen for framsyninga er sjølvsagt grunnlovsjubileet, og det er Riksscenen, Norsk senter for Folkemusikk og Folkedans, Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt og Førdefestivalen som samarbeider om folkemusikken si markering av grunnlovsjubileet.

– Framsyninga skal rundt på folkemusikkfestivalar over heile landet i løpet av året, seier Torkjell.

Kong Nor skal visast i Ål kulturhus 31. mai, i Førdehuset 5. juli, og til Osafestivalen kjem Kong Nor med framsyning i Gamlekinoen 25. oktober.

Korleis Noreg vart til
Torkjell vil ikkje fortelja for mykje om innhaldet i dramaet om Kong Nor, men segna handlar om korleis dei tre syskena Nor, Gor og Goe voks opp i Kvenland. Ein dag var systera Goe borte, og brørne Nor og Gor drog på leiting etter henne. Gor drog sørover havet mot Austersjøen og Danmark, medan Nor drog vestover forbi samane og til Trondheimen. Herfrå la han landet sørover under seg etter kvart som han for fram. Landet Nor la under seg kalla han Noregr eller Norveg. Sønene delte landet mellom seg, og slik held det fram – til kongedøma vart mindre og mindre og kongane fleire og fleire.

Spennande
For Torkjell Lunde Børsheim har dette vore ei ny og spennande utfordring.

– Det er litt skummelt å kasta seg ut i noko ein ikkje har prøvd før, men så langt har det i alle fall vore veldig kjekt og spennande. Me er åtte frilansarar som er med i framsyninga, og det er utruleg flinke folk – både musikalsk og på scena.

Dei andre som er med på scena er Daniel Sandén-Warg, Anders Røine, Unni Boksasp, Jon Anders Halvorsen, Hæge Manheim, Silje Onstad Hålien og Øyvind Sandum.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!