Vil ha 30 prosent nynorsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 06.12.2017 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer mangfald i språket – og då meiner Grøn Ungdom at det òg bør gjelde for våre eigne utspel, skriv talsperson i Grøn Ungdom Ingrid Ophaug Dahl i ein e-post til Framtida.

LES OGSÅ: – Me forstår ikkje nynorsk

Rettmessig kritikk
Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) holdt sitt første landsmøte som stortingsparti på Thon Hotel i Sandvika helga 25.-17. april. Dei kom fram til ti samla utspel, om saker dei vil arbeide for. Berre ein av desse resolusjonane var fremja på nynorsk.

– Det påpeika Grøn Ungdom rettmessig at var for dårleg, fortel Hilde Opoku, nyvald talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne.

Grøn Ungdom fremja først eit forslag om at halvparten av resolusjonane til MDG skal vere på nynorsk, men kom fram til at 30 prosent var ei meir realistisk målsetting. Det forslaget gjekk partiet inn for.

No er to av dei ti resolusjonane, som ligg ute på partiets nettsider skrive på nynorsk, og dei arbeider med å omsette enno ein resolusjon for å oppnå målet om 30 prosent nynorsk.

LES OGSÅ: – Partia heng etter i språkpolitikken

– Viktig og riktig
– Det markerer at nynorsk er viktig for Dei Grøne og sender eit signal til omverda om at me vil nytta begge målformer, seier Opoku, som skryt av initiativet frå ungdomspartiet.

– Burde fleire parti gjere det same?

– Ja det tykkjer eg. No er det jo ein stor grunnlovsdebatt og eg tykkjer at me partia som tykkjer det er viktig og riktig med to målføre må streva etter dette òg i eigne utspel, saker og dokument, seier Okopu, som får støtte frå Ophaug Dahl i Grøn Ungdom.

– Og forresten så synest eg alle dei politikarane som er redde for å fornye språket i Grunnlova, lyt skjerpa seg og gje folket ei forståeleg grunnlov på både nynorsk og bokmål, legg Ophaug Dahl til.

LES OGSÅ: Trur på fleirtal i Venstre for nynorsk grunnlov

– Godt målparti
Påtroppande leiar i Norsk Målungdom Karl Peder Mork set stor pris på vedtaket frå Miljøpartiet.

– Det er eit godt vedtak, som syner at dei tek språkleg mangfald på alvor. At eitt parti ikkje berre uttalar seg på bokmål er bra for det språklege imaget, meiner Mork, som tykkjer det er ekstra bra at ein nyttar begge målformene òg i saker som ikkje handlar om språk.

Miljøpartiet har tidlegare fått tidlegare fått positiv merksemd for språkpolitikken sin frå same hold. Då Målungdommen før stortingsvalet i 2013 delte ut språkpolitiske smilefjes, kom Miljøpartiet Dei Grøne klart best ut.

– Miljøpartiet dei Grøne er eit godt målparti, avsluttar Mork, som tykkjer at fleire parti bør følgje deira eksempel.