Etter oss er det kaos

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Etter oss er det kaos

Denne veka blei det lagt fram tal om barn og unges nettbruk. Åtte av ti har smarttelefon. Åtte av ti bruker internett daglig. Ni av ti speler dataspel.

Alt dette er sjølvsagt greitt. Det som er ille, er at dei unge også les nyheiter på nettet.

Har nokon tenkt over konsekvensane av det?

Det er derfor eg er bekymra. Ikkje for verden. Ikkje for ungdommen heller, for så vidt. Men for noko mykje meir grunnleggande: Meg sjølv. Sånne som meg. Vi som skriv i avisa.

Korleis skal det gå med oss?

Når ungdommen kan lese nyheiter frå kvar som helst i verda når det måtte passe dei, så risikerer vi at ungdommen plukkar ut dei nyheitene dei har lyst til å lese sjølve, ikkje dei nyheitene vi som jobbar i avisa har bestemt at vi synest dei bør lese. Det hjelp fint lite å grave fram sjokknyheit på sjokknyheit om at politikarar begynner i PR-bransjen, viss ungdommen berre gir blaffen i det og heller les om Syria på ei eller anna nettside dei har funne sjølve. Trur desse ungdommane at vi driv med dette for moro skuld? Trur dei vi liker å skrive moralske kommentarar om politikarars ansvar og plikt og tillit? Trur dei vi liker å framstå som pompøse og snusfornuftige?

Sjølvsagt liker vi det, men det er ikkje poenget. Poenget er at slik som det har blitt no, så kan ungdommen la heilt vere å bry seg om kva vi meiner, og kor pompøst vi meiner det.
Før tok folk dei nyheitene dei fekk servert. Det vil seie, folk fekk ikkje nyheitene servert heller, den gongen. Du måtte jobbe for å få tak i dei. Der eg vaks opp, på Vestlandet, der kom lokalavisa ut to gonger i veka. Viss vi var heldige. Oslo-avisene kom dagen etter. Eller etter eit par månader, viss det var sommarferie. Av og til kom dei ikkje i det heile tatt. No er det nyheiter om alt, heile tida, hulter til bulter: Fotballkampar, bjørn, krig, grilling, svolt, litteratur, vin, etnisk reinsing, sol, tigging, fredsforhandlingar, vold, husfred, slanking og bomber.

Og folk måtte gå langt før for å få tak i nyhetene før. Folk budde spreidd på Vestlandet. Folk måtte gå over fjell. Mange måte ro i timevis for å komme til den nærmaste plassen som selde aviser. Folk klatra frå fjellhyller og svømte i iskaldt vatn. For nyheiter skulle folk ha. Og så rodde dei heim, med lokalavisa og ei Oslo-avis frå dagen før, viss der var heldige. Og i desse avisene stod det kanskje at resultatet blei 2-2 i ein fjerdedivisjonskamp i fotball i forrige veke, og at ein politikar var kritisk til ein annan politikar for ei stund sidan.

Og det var vi fornøgde med, då eg vaks opp. Vi las og vi las. Det var ikkje mange nyheiter vi fekk, men dei nyheitene vi fekk las vi sønder og saman. Fordi nokon hadde bestemt at det var dette som var nyheitene. No bestemmer folk slikt sjølv. Det må bli kaos! Det er sjukt!

Og ungdommen tipsar kvarandre om ting på nettet, heile tida. For folk har jo kontakt no. Og held kontakt. Før satt folk kvar for seg og las og las om fjerdedivisjonskampen og politikaren som var kritisk til den andre politikaren. Folk dreiv ikkje og tipsa kvarandre om ting den gongen, for alle las uansett dei same to nyheitene. Og folk verken heldt eller tok kontakt med kvarandre sånn utan vidare. Ein tenkte seg grundig om først.

Ein venn av meg, for eksempel, møtte ei jente på fest då han var seksten. Han syntest ho var ganske hyggelig. Dessutan var ho den einaste jenta på festen. Og i landsdelen. Vennen min pakka sekken og la ut på leiting. Då han til slutt fann henne, var ho gift, hadde fire ungar og budde i Røyken. Så gjekk vennen min heimatt, via ein kiosk som selde Oslo-aviser. Og der stod det at ein politikar var kritisk til ein annan politikar for ei stund sidan.  

No er ingen fornøgde med slikt. No finn ungdommen fram til heilt andre ting enn vi som skriv i avisa synest dei bør finne fram til. Kva er vitsen då?

Neste gong ein politikar begynner i PR-bransjen, kan det rett og slett hende vi lar vere å skrive om det. Då kan ungdommen berre sitte der med skjegget i postkassa.

Viss dei i det heile tatt veit kva ei postkasse er. 


Først publisert i Aftenposten 3. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!