Sanner vil ha tvungne samanslåingar i 2017

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sanner går for tvang

Regjeringa ønskjer i utgangspunktet at kommunar skal slå seg saman frivillig, men i utkastet til eit såkalla R-notat, eit fortruleg notat som blir sendt ut i forkant av regjeringskonferansen kvar veke, skriv Sanner at det blir lagt til grunn at enkeltkommunar ikkje skal kunne stoppe endringar som er ønskjelege ut frå regionale omsyn, skriv Nationen.

I utkastet kjem det fram at Sanner krev interkommunalt samarbeid i grisgrendte strok. Han legg også ein plan for å handtere lokal motstand. Han skriv at han ser det som sannsynleg at enkelte lokale vedtak verken vil stemme overeins med regionale eller nasjonale behov.

Kommunepropen
«Sidan dette også er ei nasjonal reform, må vi vurdere korleis vi skal handtere det», skriv Sanner.

Sanner slår i notatet fast at det kan kome forslag til samanslåing av kommunar som kan avvike frå lokale vedtak når regjeringa legg fram ei samla kommunereform våren 2017. Ifølgje Nationen er Solberg-regjeringa dermed innstilt på å bruke tvang for å gjennomføre den varsla kommunereforma.

Sjølv ønskjer ikkje Sanner å kommentere saka før om to veker.

– Eg kommenterer aldri spørsmål knytt til den interne behandlinga av saker. Eg viser til kommunepropen 14. mai der vi legg fram ein heilskapleg omtale av reforma, både mål, prosess og verkemiddel, seier Sanner i ein e-post til avisa.

LES OGSÅ: Ekspertar føreslår kraftig kommune-kutt

Innbyggjartal
Ekspertutvalet til regjeringa har i sin rapport om kommunesamanslåing foreslått at norske kommunar bør ha minst 15-20.000 innbyggjarar.

Sanner skriv derimot i notatet at han ikkje vil stille absolutte krav til innbyggjartal, men at kriteria til ekspertutvalet vil danne utgangspunkt for prosessane knytt til reforma. (©NPK)

Les meir om kommunesamanslåing her!