Gründer på fottur

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har stor tru på å vekse framover, då me ser at mange av turistane som kjem til Norge er ute etter den typen opplevingar som vi tilbyr, fortel Sindre Haugen Orvedal, ein av to gründerar bak Flåm hiking, som tek med turistar på fjelltur ved Aurlandsfjorden.

LES OGSÅ: Best i vest på turisme

Kundar frå Kina
I fjor var første sesong for den vesle bedrifta starta av Orvedal og kameraten Vegard Voll Bøyum.

Då hadde dei med seg rundt 250 turistar til fjells. Kundane kjem frå alle verdshjørne, som Hong Kong, Singapore, Kina, Australia, USA, Spania, England, Colombia, Tsjekkia, Tyskland, Belgia og Malta.

Til sommaren reknar Orvedal med at dei får enno fleire med ut på tur, sjølv om han sjølv har starta i ny jobb i Flåm utvikling og difor må gje frå seg ansvaret.

LES OGSÅ: Framtidstrua er stor

Naturmarknaden
Det er ein stor marknad for skandinavisk natur, skal ein tru Peter Fredman, som nyleg tok til i ei stilling som professor i naturbasert reiseliv ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås.

– Stadig fleire turistar søkjer ferieopplevingar i norsk og svensk natur, sa Fredman til Nationen for nokre veker sidan.

På NMBU har dei no for første gong kartlagt norske bedrifter som tilbyr tilrettelagde aktivitetar i naturen eller turar med guide. I dag finnast det om lag 3000 slike bedrifter i Noreg, kor ein tredel er basert i Nord-Noreg.  

Norske bedrifter som baserer seg på aktivitetar og guida turar i naturen omset for om lag 3 milliardar kroner årleg. Gjennomgangen syner at lønnsemda har auka dei siste tre åra – i ein periode kor reiselivet elles har slite.

– Det er tydeleg at det har skjedd ei endring i kva turistane ønskjer seg. Medan det tidlegare heldt å observere, skal det no klatrast, dykkast, fiskast og opplevast, seier forskar Stian Stensland til det oppdragsfinansierte nyheitsbyrået Newswire.

Men for Orvedal er det ikkje pengane som er drivkrafta bak bedrifta.

– Det er idealisme og ikkje moglegheitene for å drive stor butikk, som gjer at me driv med dette, forklarar 24-åringen, som har lært mykje av å drive eiga bedrift.

LES OGSÅ: Sterk auke i talet på turistar frå Sør-Korea

Saka fortset under biletet.


Dette landskapet vil Sindre Orvedal at turistane skal få nyte på nært hald. Foto: Sindre Orvedal

Turistlass
Flåm i Aurdal får inn lassevis med turistar både frå den kjente Flåmsbana, men òg frå cruiseskip som kjem inn fjorden.

I fjor toppa Flåmsbana alle rekordar då 718.195 passasjerar løyste billett på den populære togreisa. Det er ei trafikkauke på 13 prosent, meldte Avisa Hordaland i januar i år.

I tillegg la 170 cruisebåtar til kai med nesten 250.000 passasjerar. Òg her har det vore ei kraftig auke frå 2012.

LES OGSÅ: Stadig fleire vil sjå vestlandsnaturen

Nær naturen
Førre sommar sette den då 23 år gamle Orvedal ein plan ut i livet. Han danna Flåm hiking AS, fordi han såg eit behov for meir aktivitet i bygda. Med guida fotturar vil han at turistane skal få nytte naturen, ikkje berre sjå han frå båt eller bane.

Guiden tek turistane med i buss frå Flåm og opp nær utsiktspunktet Stegastein, før dei går vidare til fots.

– Den største grunnen for utlendingar til å besøke Norge er naturen, men mange er ukomfortable med å gå utanfor bebygginga på eiga hand, forklarar Orvedal, og legg til:

– Dei fleste turistar er òg nyfikne på å læra meir om landskapet, folka og plassane dei ser. Ut i frå dette meiner vi det er stor etterspurnad etter tenesta vi tilbyr. Det er ikkje det me nordmenn ville kalla fjelltur, men meir spasertur. For turistane er det eksotisk berre at me går på sti framfor veg. Dei får oppleve det norske.

– Stolt av merkevaren
Ambisjonane til bedrifta er å fortsetje med fotturane. Orvedal merkar at det er behov for fleire aktivitetar i Flåm, slik at turistane vert over natta, og ynskjer nye tiltak velkommen. Særleg aktivitetar som ein kan drive med heile året.

– Me er veldig stolt av merkevaren Flåm og om sommaren er det eit godt miljø med sesongarbeidarar og utflytta studentar, fortel 24-åringen, som medgjev at vinteren er litt meir stille.