Stadig fleire vil sjå vestlandsnaturen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmange turistar

Hittil i september har Fjord Tours hatt ein auke på over 40 prosent i tingingar på internett, samanlikna med september i fjor. I august auka trafikken på turen Norway in a nutshell med over 12 prosent samanlikna med august i fjor. Dette var turen med den største auken. I løpet av året opplever mellom 40.000 og 50.000 turistar kombinasjonen av Bergensbanen, Flåmsbana, Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og Stalheimskleiva.

Salet av Fjord Pass har hatt ein auke på 15 prosent.

– Aldri før har me hatt ein slik pågang på slutten av året. Dette er heilt fantastisk, spesielt når me tenkjer på at reiselivet har nullvekst generelt, seier dagleg leiar Steinar Aase.

Til saman på alle produkta sine hadde Fjord Tours ein salsauke på 10,3 prosent i august.

Fleire unge
Aase trur at ei årsak til suksessen er at dei gjer det enkelt for kundane.

– Noreg kan vera vanskeleg å setja seg inn i for turistar. Dersom dei skulle organisert Norway in a nutshell-turen på eiga hand, måtte dei ha tinga billettar frå fem ulike transportselskap. Me har sett saman alt til ein billett, seier han.

I fjor fekk selskapet også eit nytt bestillingssystem med moglegheiter for å bestilla aktivitetar og overnatting undervegs på turen. Det har hatt noko å seia for auken.

– Tidlegare var kundane våre over 45 år gamle. No ser me at 20-åringar ynskjer å ta rundturen med aktivitetar undervegs. Spesielt frå Oslo kjem det yngre kundar som vel padletur eller ribsafari undervegs, seier Aase.

Han påpeiker at kundane legg att mykje pengar i «nøtteskalet».

– Det er klart at det betyr mykje for Voss, Flåm og Stalheim med 40.000-50.000 turistar som kanskje skal ha overnatting, mat, suvenirar og aktivitetar undervegs. Og me treng Hangursbanen og fleire sterke fyrtårn i området. Ønskjer fleire aktive Sjølv om fleire unge reiser på rundturen, dominerer framleis dei meir passive turistane som vil sjå naturen frå avstand og kanskje rusla ein lett tur. For mange turistar er det heilt spesielt å sjå fossane og dei høge fjella.

– Me fylgjer med på sosiale media, og ser kva folk legg ut bilete av. Det er heilt klart at naturen som me vestlendingar ser som daglegdags, er heilt fantastisk i deira auge, seier Aase.

Fjord Tours har auke i alle marknader, både viktige land som USA, Storbritannia og Tyskland, og Sør- Europa, noko Aase ser på som eit teikn på sunnare økonomi. Han legg til at søreuropearar ikkje kjem til Vestlandet på grunn av vêret. Difor trur han det er viktig å vera ærlege i marknadsføringa og visa bilete av reisemåla i alt slags vêr.

Fjord Tours ynskjer å lokka til seg fleire aktive turistar i framtida. Aase trur at Voss sitt fokus på aktivitetar og ekstremsport kan vera viktig for turistnæringa i framtida.

– Me ser at trendane går mot ein auke i denne typen turisme, seier han.

Les saka i Avisa Hordaland!

Kva meiner du er den største attraksjonen på Vestlandet? Skriv meininga di kommentarfeltet!