Spelar seks timar dagleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om me reiser 10–20 år tilbake i tid og spør mannen på gata om han kan beskriva den typiske data-spelaren, vil han nok seia at han er ein mann i 20-årsalderen som sitter i kjellaren til mor si og lever på trygd. No derimot, er spel blitt til så mykje meir enn berre underhaldning. Det er blitt kultur, ja til og med ein sport som er for alle aldrar og kjønn.

I fjor sat 32 millionar menneske frå heile verda og såg finalen i det populære MOBA (Massive Online Battle Arena) spelet, «League of Legends». Folk reiste frå heile verda for å heie fram sine favorittlag. Me har reist heim til ein som også speler League of Legends og bur på Stord, Richard Birkelid.

Han er 15 år og har spelt spel sidan han gjekk i første klasse. Det første han byrja med var ein «gameboy» og etter det var han hekta.

– Kvifor League of Legends?

– Fordi det er kjekt. Ein kombinasjon av samarbeid og mange kjekke folk å spela med. Samfunnet er også hyggjeleg. Det er mykje variasjon og ingen rundar er like, svarte Richard medan han gliste frå sofaen sin.

Richard held fram å forklare at han byrja å spele PC-spel fordi kompisen hans ikkje ville gå ut, og difor måtte han vera inne framfor PC-en for å halde kontakten.

– Kor lenge spelar du kvar dag og kvifor?
– Eg spelar rundt 6 timar kvar dag fordi eg bur på Stord, og det skjer aldri noko her, fortel Richard.

Ei undersøking gjort av Ipsos MMI visar kor viktig speling har blitt dei siste åra. Ut av dei 500 gutane mellom 12 og 17 år som var med i undersøkinga, var det berre 0,4% som svarte at dei ikkje spelte i det heile. Halvparten svarte at dei har det som ein av sine viktigaste hobbyar. Med eit enormt utval av spel og mange ulike sjangrar, er speling komen for å bli. Forsking har også vist at speling stimulerer og utviklar hjernen på område som reaksjonsevne og rom forståing. Skular har også byrja å bruke spel som hjelpemiddel i undervisninga.

LES OGSÅ: Zombie-spel i etikk-timane

Men er speling berre bra? Ein av ti svarte på undersøkinga at dei opplever problema i livet sitt på grunn av speling. Overdriven tidsbruk på spel kan vera både fysisk og mentalt skadane, og forskarar veit framleis lite om korleis det kan påverke oss i framtida. Det beste er å finne fleire hobbyar, som sport eller noko kreativt. For mykje av ein ting er aldri bra for helsa, det er iallfall noko som er sikkert.

Speling har komen for å bli, og måten å handtera det er ikkje å stoppa det, men å jobba med det.

Les saka i Sunnhordland!