Elleve lam kom til verda i løpet av to–tre morgontimar på Borgund torsdag.

Sogn Avis
Sogn Avis

Like før hadde Johannes Einemo drege Ferrarien sin til 8.500 omdreiningar femten meter frå sauefjøsen.

– Einaste forklaringa

– Eg finn inga anna forklaring, seier Anne Frøysland Einemo og Oddmund Einemo, mamma og pappa til Johannes, som kom frå Polen med nyss innkjøpt bil. Men ikkje ein kva bil som helst.

Klokka var 08, og Ferrarien rulla inn på det vesle bruket på Eraker. Johannes hadde køyrt i 24 timar, frå Warzawa, der han hadde henta det eldraude sportsbilikonet.

– Eg kom fram på morgonkvisten og tenkte eg skulle vekkja foreldra mine, seier han.

Kom fort or sengi

Johannes let den varme V8-aren få spela opp heile turtalsregistret. Det blir som når feltet av Formel 1-bilar tek av på Silverstone eller Hochenheim, brølet er gjennomtrengande.

– Eg kom fort or sengi, seier pappa Oddmund. Mamma Anne var i fjøsen, ho kom ut for å sjå kvar det intense brølet kom frå.

– Det må ha sett fart i sauene, konstaterer pappa Oddmund. I løpet av to-tre timar hadde elleve lam kome til verda.

– Svært uvanleg

På Eraker er det sjeldan kost.

– Me har 21 sauer og til vanleg kjem lamma over ein periode på 30 dagar, seier Anne.

Men no ramla dei fram.

– Alt var roleg i fjøsen, me ville i veg for å sjå etter veden, me tenkte det var eit gunstig tidspunkt å vera borte frå lembinga, seier Anne, som trur dei var borte frå fjøsen i to-tre timar.

Dei to kom att til ein sauefjøs med atskilleg meir liv, elleve lam var kome til verda medan dei var i skogen. Dei finn ikkje anna forklaring enn Ferrarien.

– Stress kan framskunda

– Me veit at stress kan framskunda fødselen, seier veterinær Olav Hermansen, som aldri har høyrt om at lyd aleine kan ha ein slik effekt.

Men han kan, etter å innhenta synspunkt frå to kollegaer, bli med eit stykkje på veg:

– Om desse sauene likevel kom til å lemba dei næraste to–tre nettene, då kunne ein slik intens lyd kanskje framskunda prosessen.

Han utelukkar såleis ikkje at ein Ferrari på max turtal kan ha utløyst lembing i fjøset på Eraker.

Les saka i Sogn Avis!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE