Oppfrisking av Grunnlova splittar Stortinget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Komiteen diskuterte saka tysdag ettermiddag og kom opp med ei innstilling om tre forskjellige løysingar. Det inneber at det ikkje er fleirtal for fornying av Grunnlova, fortel leiar Martin Kolberg (Ap).

Det trengst to tredels fleirtal for å endre Grunnlova.

– Det er ikkje 113 representantar bak nokon av forslaga, påpeiker Kolberg.

Tre løysingar
Dei raudgrøne ønskjer å modernisere Grunnlova på bokmål, i tillegg til å gi landet ein nynorsk versjon.

Høgre, KrF og Venstre ønskjer på si side ikkje å gjere endringar i dei gamle paragrafane, og ingen nynorsk variant.

Frp går inn for ei tredje løysing, som inneber ei forsiktig modernisering av det gamle språket, og i tillegg ein parallell versjon av Grunnlova på nynorsk.

Høgres medlem i komiteen, Michael Tetzschner, seier språket vil bli endra naturleg, ettersom også innhaldet i lova blir modernisert. Det inneber at nokre av dei mest eigendommelege – og for dei fleste uforståelege – orda blir borte av seg sjølv. Det gjeld for eksempel «sportler», «boslod» og «pinligt forhør».

– Vi vil bort frå den norma om at framtidige grunnlovsforslag må framsetjast i gammal påtvungen form. Vi ønskjer dei framsett i eit verdig samtidsspråk. Då vil vi få ei naturleg og organisk språkutvikling av Grunnlova, meiner Tetzschner.

LES OGSÅ: Går mot Grunnlovs-modernisering

– Eit demokratispørsmål
Kolberg meiner det er beklageleg situasjon at Stortinget ikkje er einig om ei fullverdig språkleg oppdatering.

– Eg hadde håpa at Stortinget i 200-årsjubileet kunne gjere det same som dei gjorde i 1814, nemleg skrive Grunnlova på språke til folket. Det er eit demokratisk spørsmål å lage eit moderne språk som menneske i dag lett kan lese, seier Kolberg. Han varslar at han vil arbeide intenst fram til saka skal behandlast i Stortinget 6. mai for å få eit tilstrekkeleg fleirtal for ei modernisering av Grunnlova. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om Grunnlova?