Enorm vekst av nettbrett og mobil
Så mange barn har eigen smarttelefon.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Enorm vekst av nettbrett
Den siste undersøkinga til Medietilsynet viser at 83 prosent av barn mellom 9 og 16 år har eigen smarttelefon, mot 67 prosent for berre to år sidan. For nettbrett har bruken vakse med over 20 prosent.
Medietilsynet la fram Barn og medium-undersøkingane for 2014 på Litteraturhuset i Oslo måndag formiddag. Der vart det vektlagt at foreldre heng etter, medan bruken av smarttelefonar og nettbrett blant barn og unge har hatt ein eksplosiv vekst:
– Det er framleis slik at foreldra viser større interesse for at barna brukar tradisjonelle medium, som bøker og filmar, enn for deira bruk av internett og dataspel, seier Stian Lindbøl, seniorrådgjevar og prosjektleiar for Barn og medium-undersøkingane i Medietilsynet.
Også blant dei yngre barna aukar skjermbruken. Omtrent kvart tredje barn mellom 5 og 8 år har no tilgang til eige nettbrett. Det er ein enorm auke frå 2012, då berre 3 prosent av barna i denne aldersgruppa hadde eige nettbrett.
Heile 6 av 10 av dei mellom 12 og 14 år oppgir at dei har eige nettbrett.
Gjennomsnittsalderen for den første mobilen ligg no på åtte år. (©NPK)
LES OGSÅ: Dramatisk nedgang for teikneseriar