– Eg har drepe 13 med droner

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har drepe 13 med droner

Bryant var fredag i Bergen for å presentere filmen saman med regissør Tonje Hessen Schei. Frå scena på Christiekonferansen i Grieghallen, fortalde han om dei ubemanna drapsmaskinene CIA bruker i åtak på blant anna pakistanske og afganske mål, medan soldaten som styrar drona sit over tusen mil unna, i ein base i Nevada-ørkenen:

– Jobben min var å kontrollere kameraet på dronene, og skyte missilet på målet. Me fekk ikkje vite kven me skaut på, berre at det var snakk om «confirmed bad guys».

Eg har drepe 13 menneske, konstanterte han.

LES OGSÅ: Vil visa ein kjekk kvardag i Kabul

Namnlause offer
Totalt skal teamet Bryant var ein del av, ha tatt livet av 1626 menneske. Regissør Tonje Hessen Schei fortel kor vanskeleg det har vore å få informasjon om droneoffera.

– Dei blir berre kalla «supekte personar», men me veit jo at barn har blitt drepne.

The Bureau of Investigative Journalism (TBIJ) i London arbeider med å dokumentere nettopp namn og stauts på drepne i amerikanske droneåtak. Ifølge nettsidene deira har CIA sidan 2004 gjennomført 383 åtak berre i Pakistan, og tatt livet av mellom 2338-3709 menneske. Minst 416 av desse skal ha vore sivile, inkludert minst 168 barn.

LES OGSÅ: Vil innføre droner i politiet

Dronene kan vera store som store fly eller små som insekt. Foto: frå filmen

Trugslar
Bryant hevda ære og ærlegheit fekk han til å hoppe av droneprogrammet og bli med i den kritiske filmen til Schei. Han kunne også fortelje at han har fått svært mange negative tilbakemeldingar på avgjerda.

– Mange amerikanarar er positive til droneåtaka fordi dei trur det vil føre til at færre soldatar kjem heim i kiste, forklarte han og fortalde at han også har fått trugslar frå det gamle teamet sitt.

– Men dei tar eg ikkje særleg seriøst. Det er berre parodisk. Ingen i det teamet ville bestått ein einaste fysisk test.

LES OGSÅ: Leverer pizza med droner

Rekruterer spelnerdar
Ei anna avsløring i Drone, er nemleg at det amerikanske forsvaret nyttar dataspel til å rekruttere dronepilotar. Avsløringa har fått mykje merksemd i amerikansk media, fordi det offisielt har vore etterretningsorganisasjonen CIA som har ansvar for alle ledd i droneprogrammet, ikkje spelnerdar tilsett i luftforsvaret:

– Vi var ikkje ærlege med folket vårt, konstaterte Bryant. – Men det mest skremmande var at leiarane var ein gjeng med idiotar.