Meiner oljen gjer oss blinde

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg undersøkte Natur og Ungdom (NU) stortingsrepresentantane sine haldningar til klimaendringar. Svara dei fekk uroa NU-leiar Arnstein Vestre.

Fleirtalet er i tvil om kutt i olje og gass
I undersøkinga svara ingen av Frp-representantane ‘ja‘ på spørsmålet om menneskelege klimagassutslepp er hovudkjelda til klimaendringane. 11 var usikre, medan 10 svara ‘nei’.  

Eit fleirtal på Stortinget var anten i tvil eller trudde ikkje at kutt i norsk olje- og gassproduksjon vil føre til mindre klimaendringar.

Vestre seier til Dagbladet.no at funna gjer han redd med tanke på framtida. Han fryktar at representantane sine haldningar skal stå i vegen for regjeringa si handlekraft i klimapolitikken.

Frps fraksjonsleiar i Energi- og miljøkomiteen, Oskar Grimstad, svarar at påstanden er ‘direkte tøv’.

– Det er ingen tvil om at menneskeleg aktivitet medverkar til klimaendringar. Men det er tvil knytt til graden av dette. Vi legg uansett ‘føre-var’-prinsippet til grunn, som vil utløyse politisk handling uavhengig av denne diskusjonen, seier Grimstad til Db.no.

– Skyv problema vekk
–  I Noreg er energipolitikk, miljøpolitikk og olje- og gassproduksjon tre heilt separate felt. Norske politikarar har utvikla ein solid retorikk som skyv problema bort, meiner Asbjørn Aaheim, som er forskingsleiar ved Cicero Senter for klimaforsking.

Aaheim har lang erfaring med analysar av energiproduksjon og -etterspurnad, og har arbeidd mykje med klimapolitikk. Han meiner stortingsrepresentantane har ei vanskeleg rolle.

– Til sjuande og sist er vi avhengige av at dei klarar å gjennomføre klimatiltak. Samstundes veit vi at det vi gjer i Noreg spelar ei lita rolle dersom ikkje andre land følgjer opp. Med unntak av elbilar, ligg ikkje Noreg i front når det kjem til klimatiltak. Hovudutfordringa er olje- og gassproduksjonen, som gjer oss styrtrike og fører til store klimaendringar, seier Aaheim.

Han meiner norske politikarar er drivne i å skilje mellom olje- og gasspolitikk og klimapolitikk.

– Her er det sterke økonomiske interesser som rår, men dette vil vi ikkje snakke om. Det gjeld også forskarar. Vi diskuterer konfliktar mellom land, men vi vil ikkje diskutere konfliktar mellom interessegrupper, korkje i Noreg eller i andre land.

Samstemde om at klimaendringar skjer
Det første spørsmålet frå Natur og Ungdom var ‘Trur du på klimaendringar?‘. Her svara ingen av representantane ‘nei‘.  Deretter spurde NU om menneskelege klimagassutslepp er hovudkjelda til dei klimaendringane vi ser i dag. Her var representantane noko meir splitta, men 89 av representantane svara ‘ja’.  

– Dette spørsmålet kan ein tolke på fleire måtar. Den eine er kva som er hovudkjelda til dei menneskeskapte klimaendringane, der svaret er menneskelege klimagassutslepp. Den andre er om dei klimaendringane vi ser i dag i hovudsak skuldast menneskeleg aktivitet eller naturlege variasjonar, seier Aaheim.

– Det er ofte litt underkommunisert at forskarar er veldig forsiktige når dei kjem med konklusjonar. Dei fleste er forsiktige med å knyte enkeltfenomen til menneskeleg aktivitet, utdjupar han.

Aaheim peikar på at menneskeskapte klimaendringar og naturlege variasjonar skjer samstundes. Til dømes kan ikkje auken i nedbør i Noreg dei siste ti-åra forklarast av klimamodellane, ifølgje forskaren.

– Samstundes er veldig mykje av temperaturauken vi har observert dei siste tiåra ikkje mogleg å forklare utan dei store utsleppa av klimagassar. At temperaturauken flata ut på byrjinga av 00-talet hjelper ikkje. Det blir som å måle frå ytst til inst på eit trappetrinn, for så å konkludere med at trappa korkje går opp eller ned. Det seier ingenting.

Aaheim nemner smeltinga av havisen i Arktis som eit anna døme på menneskeskapt endring.

– Issmeltinga skuldast ikkje berre auka temperatur i atmosfæren, men også partikkelspreiing. Partiklar frå menneskleg forureining legg seg på isen. Dersom dei er mørke trekkjer dei til seg varme, slik at sollyset får større effekt. I seinare tid har ein også observert at underlaget er blitt tynnare grunna oppvarminga av havet. Dermed forsvinn isen veldig fort. Denne oppvarminga av havet er langt på veg menneskeskapt.

FNs klimapanel vert tydelegare og tydelegare på at endringane vi ser i dag også skuldast menneskeleg aktivitet. Og når det gjeld endringane vi vil sjå i framtidaså vil dei i stor grad vere menneskeskapte, ifølgje Aaheim.

Tvil om norsk olje og gass
Deretter spurde NU om representantane meiner utslepp frå norsk olje- og gassproduksjon fører til klimaendringar. 39 representantar var usikre, og seks svara ‘nei’. Aaheim meiner svaret er opplagt.

– Sjølvsagt gjer det det. Norsk olje og gass fører til utslepp av klimagassar, som gir klimaendringar.

– Samstundes kan ein tolke mykje politikk inn i dette spørsmålet. Vi har jo den evinnelege diskusjonen om at det er betre å produsere olje og gass i Noreg enn andre stader, fordi hovudproblemet ligg i kol. Mitt syn er at det blir litt som å seie at for å få bukt med alkoholproblemet må vi produsere meir øl og vin, fordi det er spriten som er problemet, seier han.

Representantane fekk også spørsmål om dei meinte kutt i utvinninga vil føre til mindre klimaendringar. Her var fleirtalet i tvil eller svara ‘nei’. Alle representantane for Venstre, SV og MPG meinte kutt i utvinninga vil føre til mindre klimaendringar, medan ingen i Frp, og dei fleste i Ap og H ikkje meinte dette.

– Sjølv om norske utslepp er ganske store, så hjelper det ikkje så mykje dersom det berre er vi som kuttar. Men det kan jo alle seie. Kutt vil føre til mindre utslepp, men det må samstundes meir krutt til. Klimapanelets haldning er at vi må kutte fossil produkjson ganske dramatisk ganske fort for å unngå veldig store klimaendringar. Dette gjeld også norsk olje- og gassproduksjon, seier Aaheim.

PRØV DEG PÅ DEN STORE KLIMAQUIZEN!

Uroa over funna
Talsperson i Miljøpartier Dei Grøne, Hanna Marcussen, er bekymra over funna i undersøkinga.

– At såpass mange ikkje trur at klimaendringane er menneskeskapte når det finst overveldande med forsking som syner det, tykkjer eg er bekymringsfullt. Då overser ein massiv vitskaplig forsking, meiner ho.

Også når det haldningar til olje- og gassproduksjon i Stortinget er Marcussen uroa.

– Når vi veit at innanlandske utslepp frå gassektoren står for ein betydeleg del av utsleppa våre, så er det pussig at ein kan svare ‘nei’ på at kutt i norsk olje- og gassproduksjon vil føre til mindre klimaendringar. Vi ser også at dei landa som klarar å kutte utslepp, som Tyskland, Danmark og Sverige, satsar aktivt på fornybar energi for å erstatte fossil energi.

–  Ofte vert eg møtt med argumentet om at EUs kvotesystem gjer at det ikkje er hjelp i å kutte norske utslepp. Dei vil berre komme andre stader grunna kvotesystemet. Kvotesystemet har hatt liten effekt, det er omlegging til fornybar energi som har gitt resultat. Det same meiner eg bør gjelde for Noreg, og då verkar det som ei unnskyldning for å bevare olje- og gassproduksjonen så lenge som mogleg, trass i at vi bør prøve å løyse klimaproblema. Det kan sjå ut som nokre stortingsrepresentantar har på seg skylappar for å sleppe å gjere noko, og at dette også gjeld i dei største partia kan vere ein grunn til at norsk klimapolitikk førebels ikkje fungerer. 

 

Spørsmåla i Natur og Ungdoms undersøking:

1. Trur du på klimaendringane?

JA

120

USIKKER

3

NEI

0

INGEN KOMMENTAR

16

 

2. Er menneskelege klimagassutslepp hovudkjelda til dei klimaendringane vi ser i dag?

JA

89

USIKKER

23

NEI

11

INGEN KOMMENTAR

16

 

3. Meiner du utsleppa frå norsk olje- og gassproduksjon fører til klimaendringar?

JA

78

USIKKER

39

NEI

6

INGEN KOMMENTAR

16

 

4. Meiner du kutt i utvinninga fører til mindre klimaendringar?

JA

50

USIKKER

36

NEI

37

INGEN KOMMENTAR

16

 

5. Fører klimaendringar til meir ekstremvêr?

JA

94

USIKKER

26

NEI

3

INGEN KOMMENTAR

16

139 av 169 representantar har svara på undersøkinga.