Tar kverken på lakselusa utan medikament som skader miljøet.

Håvard A. Hammarstrøm, Bømlo-Nytt
Håvard A. Hammarstrøm, Bømlo-Nytt

Ocea og Bremnes Seashore har inngått ei kontrakt om vidareutvikling av såkalla grøn avlusing og innkjøp av diverse utstyr. Den samla verdien på avtala er om lag 28 millionar kroner.

Dette går fram av ei pressemelding frå Ocea. Selskapet har utvikla eit eige avlusingssystem, Ocea Thermolicer. Så langt er avlusingsmetoden heilt utan bruk av kjemikaliar nytta med stort hell i Chile. Avtala som no er inngått med Bremnes Seashore går ut på at dei to selskapa skal utvikle avlusingssystemet vidare. I tillegg inkluderer avtala kjøp av ei forflåte på 400 tonn, ombygging av fôringsanlegg og innkjøp av anna utstyr. Den samla verdien på avtala skal vere 28 millionar kroner.

Klar for Noreg
Karl Petter Myklebust i Ocea fortel at verksemda no er klar til å introdusere metoden i Noreg.

– I Chile har me hatt veldig gode resultat på avlusing med høg grad av fiskevelferd. Det er svært få fiskar som døyr. Det gjeld både rett etter handsaminga av fisken og på målingar lang tid etter handsaminga. Me vil vidareutvikle prosessen i samarbeid med Bremnes Seashore, med det som føremål å auke kapasiteten samstundes som me tek vare på fiskevelferden, seier Myklebust. I utviklinga av metoden her i landet har dei to partane også fått med seg Veterinærinstituttet som skal bidra til å dokumentere metoden.

– Den første kommersielle norske utgåva er alt under bygging, og skal prøvast ut av Bremnes Seashore til hausten.

Stor tru på metoden
I Bremnes Seashore har dei stor tru på metoden som Ocea nyttar under avlusing av fisk i Chile. Oppdrettssjef Geir Magne Knutsen ser at røynslene i Chile er gode, og verksemda ynskjer å vera tidleg ute med å ta metoden i bruk her i landet.

– Resistens er eit aukande problem, og det er heilt naudsynt at me er med på å utvikle framtidas metodar mot lus. Me jobbar aktivt med reinsefisk for å halde lusenivåa så låge som mogeleg, men frå hausten av er det Ocea sitt system me kjem til å nytte når me må aktivt inn for å handsame fisken, seier Knutsen. Han meiner det er svært positivt at metoden Ocea nyttar ikkje inneheld nokon form for medikament som kan bidra til å skade miljøet.

– I den nærmaste perioda vil me gjere oss viktige erfaringar med maskinen og metoden slik at me står godt rusta når avlusinga tek til for fullt.

Termisk avlusing
Metoden det er snakk om er såkalla termisk avlusing av fisk. Det byrja i 2007 i Kolbeinsvik i Austevoll. I utgangspunktet skulle ein teste om svakstraum kunne nyttast som avlusingsmetode. Men det var under reingjeringa av kar med varmt vatn dei såg at lusa lot til å døy momentant. Dei siste sju åra har Ocea vidareutvikla og patentert ein metode der fisk blir pumpa inn i eit lunkent vannbad som varer i underkant av 30 sekund. Lusa taklar ikkje den plutselege temperaturskilnaden og døyr. Fisken blir pumpa ut att i sjøen medan lusa blir samla opp og destruert. Metoden er patentert og altså kommersialisert i Chile. No står Noreg for tur.

Dette biletet vart teke under tingingane mellom dei to selskapa. Frå venstre: Geir Magne Knutsen, Einar Eide og Karl Petter Myklebust. Pressefoto.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE