– Meir godtatt at jenter trener styrke

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den verkelege Pippi

– Det er mange som meiner at eg er for ung til å trena styrke, fortel Anna Dorthea Espevik.

16-åringen frå Tysnes er ikkje einig. Ho har allereie trent styrke i to år og kan sine saker. Faktisk så godt at ho for under ein månad sidan sette uoffisiell europarekord i benkpress for sin klasse (15-18 år) under NM. Då løfta ho 123,5 kilo.

LES OGSÅ: Sterke jenter i skotet

Garasjestudio
Fem gongar i veka trener ho i ein til to timar. Då står ho ute i garasjen heime på Tysnes, der far sitt verkty har fått stadig mindre plass. Det fungerer fint, men kan verte litt kaldt om vinteren.

– Eg har prøvd å få pappa til å kjøpe speil, men eg veit eigentleg ikkje om det er plass, seier Anna Dorthea.

I tillegg til å vere Europas sterkaste jente – uoffisielt – er ho ein sterk strekspelar i handball.

LES OGSÅ: CP-ramma Frode siktar mot NM-gull

Saka fortset under biletet.


Store vekter skremmer ikkje denne jenta. 

Verdas sterkaste sjukepleiar
Framtida møter ho på Stord, der ho får teste ut eit treningsstudio ho ikkje har brukt før.

Ho finn raskt fram til riktig stativ og justerer vekt.

Når ho løftar er det fullt fokus på det ho gjer. Pusten går jamt i takt med kroppen, som har gjort dette tallause gongar før.

Dagen etter skal ho avgarde på eit lite klubbstevne i Bergen. Ho pendlar til byen jamleg for å få skikkeleg vegleiing og teknikktrening. Fram mot viktige konkurransar reiser ho opp mot annakvar veke.

Men snart vert det kortare veg til Odin styrkeklubb. Til hausten skal 10.klassingen byrje på vidaregåande skule i Bergen, på linja for helse og oppvekst. Det vert godt å kome nærare miljøet og få kortare skuleveg.

 – Det stod mellom idrett og helse, men eg var litt redd det ville verte for mykje å drive med det både på fritida og på skulen, forklarar idrettsutøvaren, som har lyst å verte sjukepleiar.

LES OGSÅ: Rå muskelkraft

Jenteboom
Då ho starta med vekter i 2012 var ho berre 14 år. Ikkje ein heilt vanleg fritidsaktivitet for så unge jenter. Korleis kom ho på det?

– Pappa hadde trent litt og ville at eg skulle prøve, forklarar Anna Dorthea, som tykte det var kjekt.

– Ein får betre sjølvtillit og meistringskjensle av å trene styrke og sjå forbetring, forklarar Tysnes-jenta.

Allereie no ser ho at det er fleire jenter som trener enn då ho byrja. I klubben er det ei anna på hennar eigen alder. I tillegg har veslesyster hennar så smått byrja, men sidan ho ikkje er fylt 14 år enno, er ho for ung til å konkurrera skikkeleg.

– Eg trur det er blitt meir godtatt at jenter trener styrke og dei ser at det kan vera kjekt. Mange trur at ein vert skikkeleg stor og får myke musklar av å trene styrke, men det stemmer ikkje, forklarar Anna Dorthea, som ofte opplever at folk vert overraska over at ho ser ut som ”ei heilt vanleg jente”.

For det er ikkje alle jenter på hennar alder som tek 115 kilo i knebøy, 85 kilo i benkpress og 130 kilo i markløft. Og det er berre utstyrsfritt.

LES OGSÅ: Tips frå ein personleg trenar

Saka fortset under biletet.


Anna Dorthea Espevik har ikkje spegel heime i garasjen når ho tek knebøy. 

Utstyrsmysteriet
Med utstyr kan ein løfte opptil 50 kilo meir enn utan. Korleis det går til, klarar ikkje ein gong utøvaren sjølv å fatta. Men det er likevel ikkje berre, berre å løfte med det strame ekstrautstyret. Det er ikkje noko behageleg å ha på og ein får blåmerker, forklarar Anna Dorthea.

Favorittøvelsen hennar er knebøy, ei øving ikkje så mange gutar driv med.

Sjølv om ho ser veltrent ut og garantert har anlegg for å verte sterk, er ikkje Anna Dorthea særleg stor.

– Eg har ei ulempe i markløft fordi eg har så korte armar, men det er ein fordel i benkpress, smilar ho.

Neste delmål er NM i november. Der vonar tysnesjenta på nye rekordar. For noko av det kjekkaste med sporten er å bevise for seg sjølv at ein vert betre.

Å få synlege musklar er ikkje så viktig, men litt er kjekt, tykkjer tenåringen.

Men òg Anna Dorthea kan verte mindre motivert innimellom. Då er det berre eitt råd som gjelder:

– Då er det berre å kome seg ut, seier verkelegheitas Pippi.

LES OGSÅ: Trening kan gje syreskadde tenner

 


Anna Dorthea Espevik har ein fordel i benkpress, sidan ho ikkje har så lange armar.