Sterke jenter i skotet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det eksploderte heilt for eit par år sidan, og har berre eskalert sidan. Jenter ønskjer seg tydelege musklar på kroppen og det er in å vere sunn, fortel personleg trenar ved Haugesund Aerobic og treningssenter Michelle E. Bjerkenes frå Tysvær. Ho er utdanna i Oslo og har trena styrke i snart 12 år. I tillegg syklar og spring ho.

Då ho sjølv byrja med vektrening var det omtrent ikkje jenter som dreiv med det. Michelle måtte trene med gutane på gymmen.

– Eg trur nok at dei sosiale media er noko av årsaka til at jenter har fått auga opp for styrketrening, og ikkje minst for fitnesskonkurransar. Dei legg ut bilde på Instagram og får kjapp respons. Ein ser kva andre jenter driv med, korleis dei får resultat og byrjar sjølve, seier Michelle. Sjølv om ho synst det er veldig positivt at jenter er meir opptatt av å vere sunne, spreke og sterke enn å vere tynne, påpeiker ho at det går ei grense, og at det er utruleg viktig å vite kva ein driv med. Å vere realistisk er eit must.

– Det bekymrar meg når eg ser bilde på Instagram av jenter med six pack og kjemperesultat, så heng unge jenter seg på og trur dei kan oppnå det same i rekordfart. Dei må vite kor mykje arbeid det ligg bak ein slik kropp. Ein må gjerne trene ni-ti timar i veka og ha eit kjempestrengt kosthald for å oppnå slike resultat. Det kjem ikkje etter berre nokre månadar. Det ser me mykje når det kjem til unge jenter som stiller i fitness. Dei har kanskje berre trena eit halvt år, og har enormt fokus på å bli tynne, minst mogleg fettprosent, så stiller dei i konkurransar, og er lite førebudde på det som ventar dei etter at konkurransen er over. Då skal dei tilbake til kvardagen, ete meir, få meir fett på kroppen og trene rett. På grunn av dette, meiner eg at dei som vel å stille i slike konkurransar bør ha trena i mange år og vere drivne. Dei må ha rygg til å bere det som kjem etterpå, seier Michelle.

Les saka i Tysvær Bygdeblad!

LES FLEIRE SAKER OM TRENING HER!