Et dobbelt så mange egg i påska
I løpet av dei fem påskedagane et me 23 millionar egg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Et dobbelt så mange i påska
Det vert ikkje eggkrise i løpet av dei fem påskedagane, sjølv om me då set til livs heile 23 millionar egg.
Til no i år er det nemleg produsert nesten 200 tonn meir egg i Noreg enn det me maktar å ete, ifølgje Statens landbruksforvaltning (SLF).
LES OGSÅ: Ingen smaksskildnad på egg
For mange egg
Noreg har i dag nesten 2.000 eggprodusentar, etter at det for to-tre år sidan var det ei stor auke i talet. No seier Nortura at det ikkje er rom for fleire nye produsentar.
Dei siste åra har det vore stor overkapasitet i næringa, og marknadsregulator Nortura sine prognosar frå mars viser at eggproduksjonen vil auke med ytterlegare 2,4 prosent, til heile 60 900 tonn, i 2014. For å få bukt med overproduksjonen vert høns slakta før tida.
I snitt et kvar nordmann 12,5 kilo egg i året. Ti prosent av eggproduksjonen går til industrien, der det vert tilsett i ulike bearbeidde ferdigvarer.