– Treng langsiktig politikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette seier Ole Stokke. I ein mannsalder har han drive gard på Stokke i Bondalen.

I oktober 2012 tok dottera Linda og sambuaren hennar over gardsdrifta. For Linda var det eit naturleg val å drive familiegarden frå 1860 vidare.

– Eg var ikkje i tvil om at eg skulle ta over drifta. Eg har alltid vore interessert i dyr og gardsdrift, og eg har lyst å bu her. Garden er heller ikkje tungvint å drive, så eg såg at eg kunne greie det, seier ho.

Sjølv arbeider ho i femti prosent stilling på sjukehuset. Mannen arbeider i hundre prosent stilling. Med turnusarbeid vert det mykje fritid til å drive garden.

– Eg var så heldig at eg fann ein mann som også var interessert. Utan han, hadde ikkje dette gått, seier Stokke.

– Er nøydd å investere
At garden allereie var godt oppgradert og lett å drive, var også avgjerande. Ole Stokke seier han heilt medvite har investert i nytt utstyr og oppgradert fjøsen med tanke på at dottera skulle ta over.

– Stoppar ein å investere, går det fort i nedoverbakke. Går ein heilt ned, kjem ein seg ikkje opp att. Ein er nøydd å investere heile tida, seier han.

– Det viktigaste då er at ein har ein langsiktig politikk som gjer det trygt å gjere investeringar.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Rammevilkår
Torsdag hadde stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) invitert seg sjølv til gards for å få eit innblikk i gardsdrift og landbrukspolitikk. Med seg hadde han mellom andre leiar Knut Hustad i Hjørundfjord bondelag og leiaren i Møre og Romsdal bondelag, Inge Martin Karlsvik. Karlsvik stadfesta at ein stabil landbrukspolitikk og rom for investeringar er essensielt.

– Det viktigaste er at vi har stabile rammevilkår, med ein økonomi som gjer at ikkje bonden berre har inntekt, men at han og kan fornye driftsapparatet på ein fornuftig måte.

Innblikk
Holen Bjørdal syntest gardsbesøket gav eit nyttig innblikk i kvardagen til bøndene.

– Landbrukspolitikken er ei av sakene der det er størst skilnad mellom ny og gamal regjering. Då er det viktig for meg som skal manøvrere i dette å forstå kvifor vi har vår posisjon og kvifor skilnadene i landbrukspolitikken er så store, seier Holen Bjørdal.

Les saka i Møre-Nytt!