Globalisering fører verda tettare saman på godt og vondt.

Globalisering er eit kompleks samspel mellom menneske, teknologi, finanskreftar, idear og samfunn. Det er ein styrt prosess der verda blir stadig meir grenselaus. For at globalisering skal skje, er det visse føresetnadar som må vere på plass slik som teknologisk utvikling, politiske vedtak nasjonalt og internasjonalt og  frihandelsavtalar slik som t.d. EØS. Globalisering aukar òg moglegheita for samarbeid på tvers av landegrensene og transnasjonale selskap utnyttar dette godt. Men kva fører eigentleg  globaliseringa til?    

Globaliseringa har ført til billigare klede i Vesten. I artikkelen”Norske klesprisar halvert på ti år”på framtida.no står det ”I fjor vart det importert klede og tilbehør for 16,2 milliardar kroner. Det er ny rekord og vel 46 prosent meir enn for ti år sidan. Prisane er også halvert i same periode.” Dette kan ein seie er til fordel for norske forbrukarar og den viktigaste årsaka til at dette har skjedd er outsourcing. Men kva er eigentleg outsourcing?  

Hennes og Mauritz er eit svensk, transnasjonalt selskap. I staden for å produsere kleda sjølve i Sverige, der lønningane og HMS-standaren er svært høg, har H&M skipa produksjonen til lågkostland, slik som Bangladesh, der lønningane og standarane er mykje lågare, dei har outsourca arbeidsplassane og produksjonen.  

Globaliseringa er pådrivaren som gjer det mogleg for selskap slik som Kappahlog H&M til å presse produksjonskostnadane så lågt dei kan. Dersom dei tilsette ved ein fabrikk nektar å arbeide under forholda dei er gitt, kan selskapet simpelt hen flytte produksjonen til ein annan stad der arbeiderane godtek vilkåra, fordi dei ikkje har noko anna val, eller betre tilbod.

Ein kan deretter diskutere om desse billige varene er etisk framstilt, og på kostnad av kva? I ein artikkel på framtida.no står det at 111 arbeidarar, kvinner, døydde i ein brann i ein Hennes & Mauritz-fabrikk i Bangladesh. I 2013 kollapsa ein åtte etasjar høg bygning, også i Bangladesh,som romma fleire tekstilfabrikkar, bland anna for H&M. Over 1000 menneske mista livet, mange på grunn av at fabrikkeigarane ikkje let arbeidarane forlate arbeidet då bygget byrja å kollapse, men også på grunn av dårlege eller ingen rømmingsvegar. Globaliseringa og smotthol som finst, t.d. forskjell i standard, blir utallege arbeidarar utsett for helse- og sikkerheitsmessige risikoar kvar dag. For Vesten utgjer dette ingen skilnad på prisen, men kanskje på samvitet?

Globalisering er derimot ikkje berre negativt, ikkje på langt nær alle kledeskjedar   produserer uetisk. Eit eksempel er Fairplay, der slagordet er ”design og etisk handel” og baserast på Fairtrade-produkt. Globaliseringa har gjort det mogleg for eit slik merke å spreie seg over heile verda og fungere etisk på tvers av landegrenser. Fairtrade er ei merkeordning som garanterer at varer frå u-land gir dei lokale produsentane eit rimeleg økonomisk utbytte og sosiale rettarr. I tillegg vert det slik danna ein større global marknad der ”alle kan vere med” og gjev blant anna nordmenn med god kjøpskraft eit breiare og meir eksotisk val innan kjøp av varar.

framtida.no står det også at ” På 50-talet brukte nordmenn 15 prosent av inntektene sine på klede, i dag utgjer kledeutgifter berre rundt 4 prosent.” Det blir importert meir og meir, prisane har gått ned, men samtidig har prosentandelen nordmenn bruker på klede, også gått ned. Det at kleda har vorte billigare kan også vere positivt. I staden for å bruke mykje pengar på klede, kan ein på grunn av globaliseringa investere i t.d. fadderordningar eller bistandsarbeid i delar av verda ein kanskje ikkje ein gong hadde høyrd om før.

Globalisering fører verda tettare saman på godt og vondt. Ein kan enklare finne smotthol til billegast mogleg masseproduksjon, men også fremje produkt som kan vere med på å skape verda til ein betre stad, alt ved å delta på ein større internasjonal arena. Globaliseringa er ein styrt prosess, no er det berre å styre han i riktig retning.

Oppdatert: onsdag 12. april 2017 14.29

Kommentarar

ANNONSE