Fløgstad-bok blir allemannseige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For sjette året på rad deltar Ryfylkebiblioteket Sauda i leseprosjektet ”Hele Rogaland leser”. Det heile starta i 2008 då Stavanger var såkalla kulturhovudstad og lanserte prosjektet ”Hele byen leser”. Dette ville også andre bibliotek i regionen vera med på, og prosjektet blei frå og med 2009 utvida til å omfatta heile fylket. Kvart år blir det valt ut ei bok som blir delt ut gratis til alle innbyggarane i deltakarkommunane. I år har kultureininga i Rogaland fylkeskommune vald ut «Grand Manila» av Kjartan Fløgstad.

– Eg fekk vite dette i fjor haust og blei overraska over at det hadde vald ut mi bok. Men eg er naturlegvis veldig glad for det, kommenterer Kjartan Fløgstad.

Ordførar Frode Sulen synest det er svært positivt at saudaforfattaren si bok er plukka ut i samband med årets «Hele Rogaland leser»-prosjekt.

– Glimrande reklame for bygda. Eg synest dette er storarta, både for Kjartan Fløgstad og heile Sauda. Vi har planar om å knyte arrangement opp til dette prosjektet og søker nå om pengar til støtte, forklarer han.

Tidlegare i april bevilga formannskapet i Sauda kommune inntil 50 000 kroner til prosjektet.

Les saka i Ryfylke!