– Nødvendig å suga ut CO2

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For teknologioptimistiske miljøvernarar er det svært gledeleg at FNs klimapanel så tydeleg argumenterer for at verda ikkje berre treng utslippsfrie løysingar, men òg bioenergi med karbonfangst og -lagring, som fjernar CO2 frå atmosfæren, seier Bellona-leiar Frederic Hauge i ei pressemelding.

– Byggjer Noreg biokraftverk som vert med kombinert karbonfangst og -lagring, vil det kunne gje eit viktig bidrag til å oppfylle klimaforliket, seier Hauge, og minner om at ein fersk rapport frå Miljødirektoratet viser at Noreg ligg dårleg an til å nå sine klimamål.

På ein pressekonferanse palmesøndag presenterte FNs klimapanel IPCC hovudtrekka i den siste rapporten sin, som tek for seg tiltaka verda kan bruka for å vinna klimakampen.

I samandraget skriv IPCC at kombinasjon av bioenergi og fangst og lagring av CO2 vil fjerna CO2 frå atmosfæren. Dette er første gong panelet tek til orde for denne typen karbonnegativ satsing. Det opplever Bellona som ei stor oppmuntring til det pågåande arbeidet.

– Kan gje gjennomslag
– Kombinasjonen av bioenergi og karbonfangst og –lagring (CCS) er noko me har arbeidd knallhardt for i mange år. Ein slik heider frå FNs klimapanel kan bli viktig for å gje bio-CCS gjennomslag globalt, seier Hauge.

– Dei to siste IPCC-rapportane har slått fast at me har ei klimakrise. Denne tredje rapporten viser at det finst utvegar, og eg er spesielt glad for at klimapanelet peikar på kombinasjonen av bioenergi og karbonfangst og -lagring, seier Frederic Hauge.

– Alle bør merka seg ordet karbonnegative løysingar. Det blir eit viktig våpen i klimakampen, held Bellona-leiaren fram.

Bellona deltok i 2012 i utforminga av ein rapport som viste at Bio-CCS globalt kan fjerne opptil 10 milliardar tonn CO2 frå atmosfæren årleg innan 2050.

LES OGSÅ: – Ei god CO2-framtid er karbonnegativ

200 gonger Noregs utslepp
I mange år har Bellona arbeidd med kombinasjonen av karbonfangst og -lagring (CCS) og berekraftig biomasse. Denne kombinasjonen kan gje negative CO2-utslepp: Biomassen – til dømes skog, avlinger, tang og tare – tek opp CO2 frå atmosfæren når han veks. Denne *CO2-ein vert slept ut igjen når biomassen vert konvertert til energi eller andre produkt. Dette gjev eit tilnærma CO2-nøytralt krinsløp. Men dersom desse utsleppa i staden vert fanga og vert lagra, fjernar ein CO2 frå atmosfæren over tid.

Ifølgje Bellona kan ein fjerna opptil 200 gonger Noregs utslepp ved hjelp av karbonnegative løysingar.

To prosjekt som Bellona er involverte i, Ocean Forest og Sahara Forest Project, har produksjon av berekraftig biomasse som eit av hovudmåla.

– Meir enn nokon gong fremstår Ocean Forest og Sahara Forest Project som selskap som verkeleg er ein del av framtida. Me må søkja til havet og saltvatn for å produsera store mengder biomasse, seier Hauge.

PRØV DEG PÅ KLIMAQUIZEN VÅR!