Instagram-forfattaren

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dyrlegeforfattar Anne Viken har allereie skrive to bøker om hestejenta Elise, og er aktuell med den tredje: «Elise og mysteriet på Hesteøya». Planen er å skrive minst to til, avslørar ho for Framtida.

LES OGSÅ: Hest gjev meistringskjensle

Penny-samanlikning
– Mange trur jo at dette er Penny-bøker, og det er det ikkje, og er ganske lei, kan du seie, av å forklare folk at det ikkje er Penny-bøker, skriv forfattaren i ein epost til Framtida.

Ho vil likevel ikkje hengje ut Penny-bøkene, men forskjellen er viktig. Sjølv skildrar ho bøkene som noko anna enn det ein forbinder med hestebøker, noko med meir spenning og action, basert på den moderne bygda med alle bygdelivets intriger og miljø.  

Hovudmålgruppa er ganske samanfallande med Penny-klubben si, men forfattaren fortel at òg gutar og vaksne les bøkene om Elise.

LES OGSÅ: Større sjølvtillit med hest

Instagram-promo
Forfattar Viken er ikkje ukjent for promoteringsarbeid. Ho har tidlegare fortalt til Framtida at ho alltid har bøker med i bagasjerommet, og ho har fått skryt for kreativ marknadsføring når ho sjølv har filmatisert utdrag frå bøkene med levande hestar og ungdommar.

– Eg likar jo å jobbe med promo, og tek både promo og pressefoto sjølv, og har sidan sist teke i bruk Instagram. Der var eg verkeleg bakpå så eg skjønar ikkje kvifor eg ikkje starta med det før, skriv Viken.

No møter ho lesarar og svarar på spørsmål via biletdelingstenesta som Anneviken_animaldoctor.

– Det er jo målgruppa mi eg skriv for. Difor er det viktig for meg å ha kontakt med. Det er punkt nummer ein og to, mykje viktigare enn å vinne prisar er det å vinne lesarane, meiner 34-åringen.

Framover kjem ho til å nytte både Instagram og Youtube.

LES OGSÅ: Mykje å lære av dyrlegeforfattar

Påfuglven
Og det er ikkje fritt for at lesarskaren for det meste består av hesteglade jenter.

Instagram-kontoen til dyrlegeforfattaren inneheld ein god del hest, men òg eit mangfald av andre dyr. Mellom anna påfugl.

Dyreinteressa har dyrlegeforfattaren alltid hatt. Då er det spesielt åtferd og korleis ein kan byggje tillit til dyr ho har vore fascinert av. Kanskje det er difor ho har drive med sauetemming.

Anne Viken har hatt tamme høner som likte seg på skuldera hannar. Hest hadde ho, og er sikker på at ho kjem til å få seg att. Så har ho påfugl.

– Mange seier påfuglar er usosiale dyr, men dei er supersosiale. Mine var – og er – så sosiale at dei følgjer etter deg som hundar, fortel Viken

Å temma påfugl er enkelt, ifølgje dyrlegen: Aldri skrem han, ikkje ta på han og la han vere i fred. Då vil påfuglen halde seg i nærleiken, så kan du prate med han og fôre han.

– Men ver obs på at dei skrik forferdeleg høgt. Påfuglskrik blir ofte brukt i skrekkfilmar, så du bør ikkje ha hårsåre naboar, åtvarar ho.

–Om sommaren kan ein ikkje rope i nærleiken av ein påfugl, då byrjar han å skrike og overdøyver alt, medan dei er stumme heile vinterhalvåret.

LES OGSÅ: Bjørn, ulv og svarte hestar

Hest på papir
Men det vart hestebøker, ikkje påfugllitteratur på forfattaren frå Sogn og Fjordane.

– Kva forbinder du med hestelitteratur eller hestebøker?

– «Black Beauty» av Anna Sewell, eller «Silkesvarten» på norsk, er ein klassikar som er fantastisk bra. Den kjem til å stå seg til evig tid fordi den på ein så god måte formidlar korleis ein skal ta seg av ein hest, korleis hestar responderer på behandling og kva som er ein god hestekar versus ein dårleg. Eg vil verkelig anbefale den til alle med hesteinteresse. Den kom nett i ny norsk utgåve. Elles ligg den engelske versjonen gratis tilgjengeleg på amazon.com om du vil laste den ned på Kindle brett eller app. Eg elskar Kindle, proklamerer Viken.

I tillegg las ho serien om «Sølvhesten», av Elyne Mitchell, som handla om villhestar i Australia.

– Mange spør meg om bodskapen eller moralen i Elise-bøkene, men dei er skrivne for å gi gode lesaropplevingar. Den innbakte bodskapen er kompetansen om godt stell av dyr. Du kan lære ein god del av bøkene, meiner den vaksne hestejenta.