Bjørn, ulv og svarte hestar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Hestekult
Anne er utdanna veterinær, så det ho skriv om, er også noko ho veit mykje om. ”Elise og mysteriet med dei døde hestane” handlar om livet i ein ekte veterinærpraksis i ei bygd full av mytar, legender og mystiske hestar. Ingen veit kvar dei kvite ivanhestane kjem frå, og ingen veit kvar dei store, svarte tordenhestane blei av den gongen for to hundre år sidan. Alt ein veit, er at ein mystisk hestekult har halde til i Tordenbygda ein gong for lenge sidan. Dei ofra hestar på bålet.

Stabbur med skrømt
Anne hadde sommarjobb som dyrlege i ei lita bygd i Sverige. Her budde ho i eit gammalt stabbur frå syttenhundretalet som det spøkte i. Kvar kveld når Anne la seg til å sove, kjente ho nokon stryke seg over armen. Men ho blei ikkje redd. Denne vesle bygda i Sverige er full av gamle gravhaugar og har ei gammal kyrkje med mange nifse og spennande historier knytte til seg.

Redd, men tøff
Jenta i boka, Elise, er 13 år gammal og litt vaksen og litt barn. Ho er ofte redd, men har likevel mykje mot og set i gang hendingar ho ikkje ser omfanget av. Elise er ikkje ei som sit og ventar på at andre skal ordne opp. Nei, Elise ordnar opp sjølv og viklar seg inn i saker som fort ”ballar på seg”.
Livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Hakket for farleg.

Ikkje berre snille kattar
Alle hestepasientane i boka er verkelege og har vore pasientar hos Anne. Dyreeigarane er også verkelege. Det finst alle slags dyreeigarar. Nokre er heilt galne, andre flinke, og nokre trur dei kan mykje meir enn dyrlegen. Det er ikkje alltid like lett å vere veterinær, og boka gir eit realistisk bilete av arbeidet. Det er ikkje berre søte kattar og snille hestar. Det kan vere farlege hestar, sinte kyr og klinkande galne hesteeigarar. Då er det bra for Elises onkel Kalle at ho er med han på jobb. Elise kan hjelpe til med alt, og av og til legg ho seg oppi ting ho ikkje har noko med. Då kan ho brått ha rota seg inn i ein situasjon som er langt farlegare enn ho nokosinne kunne ha førestilt seg.

Ordskifte i Norsk Barneblad
Anne er opptatt av dyrevelferd, og det har ho vore heile livet. Som jente var ho ivrig lesar av Norsk Barneblad. Ja, ho starta karrieren sin som samfunnsdebattant og skribent i Ordskifte i Norsk Barneblad. Det gjekk helst i lesarbrev om rovdyr. Nei til ulv og ja til sau. Diskusjonen var ofte knallhard, og Anne skjelte ut alle byfolka som verkeleg meinte at ulven var meir verd enn sauen. Samfunnsengasjementet er på plass i boka om Elise også.

Dyrevelferd
Men Anne er ikkje så udelt hard mot rovdyra no som før. Det er også andre farar i utmarka for ein liten sau. Ho fortel om giftige plantar som enkelte stader tek livet av opp til førti prosent av alle lamma på beite. Dette veit bøndene, men likevel let dei sauene beite i utmarka. Å sende dyra på beite når ein veit at fire av ti små lam truleg kjem til å døy av forgifting, er heller ikkje god dyrevelferd. Slike ting er Anne oppteken av.
Eller korleis har kyllingar det eigentleg i det korte livet sitt, før dei hamnar på matbordet vårt?

Inspirerande bøker
”Og bakom synger skogene” av Trygve Gulbrandsen og ”Gösta Berlings saga” av Selma Lagerlöf er to bøker som er veldig viktige for Anne. Ho trur ikkje ho hadde skrive denne boka utan å ha lese dei. Så dei er Annes boktips til alle som les Norsk Barneblad. Du finn dei garantert på biblioteket.

Som ein villmann i skogen
Før Anne blei veterinær, trente ho travhestar og rei som ein villmann i skogen. Etter at ho blei dyrlege, begynte ho i praksis langt ute på bygda. Der møtte ho mange hestar og hestefolk, og desse hestane og hestefolka har ho teke med seg inn i boka.
No skal Anne reise tilbake til denne gamle mystiske bygda i Sverige for å arbeide som dyrlege. Er vi heldige, let ho seg inspirere til å skrive fleire bøker om Elise.

Stod først på trykk i Norsk Barneblad.

Les bokmelding av boka her!