Jazzbandet Baker Hansen har latt amerikansk cooljazz ta eit godt magedrag med norsk fjelluft. Resultatet blei plata «Ei som deg».

NPK-Andrea Øien Sæverud
NPK-Andrea Øien Sæverud

Med nyskrivne, nynorske tekstar, sungne på hallingdialekt, har fem norske jazzmusikarar teke opp arven frå den amerikanske jazzisten Chet Baker. No slepp Baker Hansen plata «Ei som deg», og håpar publikum vil oppdage jazzlegenda på ny.

Vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal skildrar musikken som ein type jazz som er lett å like – også for ferske lyttarar.

– Chet Baker var ein kul musikar med ein særeigen tone. Når vi spelar er det heilt klart han vi ser til, men med eigne tolkingar som òg er prega av meir moderne musikk, seier Tunestveit.

Candy vart for søtt
Dei fem i bandet møtte kvarandre då dei studerte på Noregs musikkhøgskole. Sjølve ideen om å omsette Chet-Baker-songar til norsk hadde Sigurd Rotvik Tunestveit allereie byrja å pusle med på eiga hand.

– Eg skreiv litt på eigen musikk, men det losna ikkje heilt. Då vart eg inspirert til å sjå på korleis eg kunne bruka mi eiga dialekt til å leike med andre sine tekstar, fortel han.

Han høyrde mykje på songane for å få dei under huda, og etter kvart dukka det opp norske strofer og vendingar.

– Det var ekstra moro og utfordrande når det var snakk om vokabular vi ikkje har på norsk. Til dømes er songen «Candy» spekka med amerikanske kjælenamn som sugar, honey og sweetheart. Der har ikkje vi nordmenn så mykje å stille opp med. Då måtte eg heller tilpasse teksten til slik det er naturleg for oss å snakke, seier Tunestveit om låten som enda opp med tittelen «Så søt».

(saka held fram under)

Norske røter
Bandnamnet vart til fordi dei ville ha noko som spelte på Chet Baker i norsk versjon.

– Vi leika med tanken på bandnamnet Mellom Baker og berg, men det vart Baker Hansen. Då fekk vi Chet-referansen i kombinasjon med eit erkenorsk etternamn, seier Tunestveit.

Amerikanske Chet Baker hadde sjølv fleire lenker til Noreg og Skandinavia. Bestemora hans var norsk immigrant og han var fleire gonger i Noreg, mellom anna for å spele inn ei plate saman med Jan Erik Vold. Då han døydde i 1988 etter å ha falle ut frå eit hotellvindauge i Amsterdam, var han ein herja og sliten mann.

– Som så mange andre i bransjen var han plaga av rus og narkotika heile karrieren. Samtidig hadde han mykje musikalt overskot. Det er mange som har kome bort til oss etter konsertar og fortalt at dei var på konsert med han på både små og store stader i Noreg på 80-talet, fortel Tunestveit.

No skal Chet snart ut på noregsturné igjen, men denne gongen ved hjelp av Baker Hansen som fører arven vidare i hallingdrakt. Til sommaren står både Dei nynorske festspela, Moldejazz og Sildajazz for tur. (©NPK)

Les siste musikknytt her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE