Don Martin er månadens artist.

Anna Kleiva, Norsk Barneblad
Anna Kleiva, Norsk Barneblad

Produsent og radiovert
Rapparen Don Martin er fødd i 1978 i Oslo, der han framleis bur. Han vaks opp på Romsås i Groruddalen. Det eigentlege namnet hans er Martin Ahzami Raknerud, medan Donald Martinsen og Grorud Granitt er nokre av kalle- og scenenamna hans frå opp igjennom karrieren.

Don Martin vart ein del av hiphop-miljøet i hovudstaden då han var tenåring, på starten av 90-talet. Han har særleg vore knytt til gruppa Gatas Parlament. Allereie i 1994 produserte han, saman med Dr Akbar, debut-EP-en deira, Autobahn til union, ei av dei første norskspråklege hiphop-utgjevingane. Don Martin heldt fram med å halde seg i bakgrunnen, i rolla som DJ og produsent, fram til 1999, då han slutta i gruppa. På denne tida starta han også som radiovert, først saman med Jester i programmet Hota Chocolata, seinare åleine i Goodshit Radio (som framleis går på Radio Nova kvar fredag!).

I 2000 gav han ut Episode 1 – The Ressurrection EP med gruppa Conspiracy 2 Murda, som han hadde vore ein del av sidan tidleg 90-tal. Omtrent samtidig starta han og Jester organisasjonen Rap Against the Rich (RAR), som snart utvikla seg til å bli plateselskapet Rhythm and Rhymes, der Don Martin gav ut den første solo-EP-en sin, The al Dente (2001). Også hiphop-kollektivet Alarmclock Connection, med blant andre Pariah og Definite i tillegg til Don Martin, sprang ut av RAR-miljøet.

Samarbeider
I 2002 var Don Martin attende hos Gatas Parlament, denne gongen også som rappar. Same år vann han Norwegian Hood-prisen saman med Jester, for innsatsen i norsk hiphop-miljø. Han gav ut musikk både åleine og saman med andre; i 2005 kom det første solo-albumet hans,Situation Normal All Fucked Up, som samtidig vart det siste han gjorde på engelsk; Motgift EP var eit samarbeid med songaren Supa Sayed.

I 2007 gjekk Gatas Parlament saman med ska-gruppa Hopalong Knut og skapte bandet Samvirkelaget. Dei gav ut albumet Musikk, som vart nominert til Alarmpris; singelen Ittnå som kjæm var mykje spelt på radio. Don Martin gav ut eit album med Jester, Sikter på månen og lander på taket (2009), og begynte å samarbeide med Grorudgruppa Breaknecks.

Også på radio-fronten gjekk Don Martin nye vegar. Han starta opp radioprogrammet Sudan Boom Box på sudansk radio i 2010, der han hadde sendingar kvar veke i eit knapt år.

Oslo aust
Trass i alle desse utgjevingane og prosjekta var det først i 2013 at Don Martin vart ein mann alle snakka om. Det starta i mars, då han gav ut singelen Nilsen, saman med Tommy Tee. Lina «Jeg er så Oslo, du kan kalle meg for Nilsen – Rudolf, Lillebjørn, Joachim, velg hvilken» fekk sitt eige liv på twitter, og vart gjengitt eller omgjord av blant andre vass- og avløpsetaten, byantikvaren og t-bana i Oslo. Songen er ein hyllest til austdelen av byen – der Don Martin sjølv er oppvaksen, ein bydel som han meiner blir omtala altfor negativt av medium og politikarar.

Albumet En gang Romsåsgutt, alltid Romsåsgutt kom i mai, og vart godt motteke av kritikarar og publikum. I januar 2014 vart det krona med Spellemann-pris i kategorien «urban».

LES SISTE MUSIKK-NYTT HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51
ANNONSE