Frå «Hotel Cæsar» til «Happy»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barne- og ungdomsbokforfattar Linn T. Sunne vert inspirert av samvær med barn og unge. Det får ho mykje av i det daglege. Nett no har ho permisjon frå jobben som litteraturformidlar i bokbussen til fylkesbiblioteket i Oppland for å undervise i 1. og 7. klasse.

LES OGSÅ: Skreiv vinnarboka då ho vart sjuk

Fulle bokhyller
Ho er eigentleg utdanna allmennlærar, men det er ikkje hennar eigne bøker som står på pensum.

– Eg er nok litt forsiktig med å prakke bøkene mine på dei, seier Sunne til Framtida.

Heller ikkje dei fem borna, i alderen fem til 23 år, får opplesing frå mor sin forfattarskåp. Det får vere opp til dei sjølv, meiner 42-åringen.

Men det er nok av litteratur å ta av i heimen. Mykje av dette er Sunne sin eigen. 16 bøker har det vorte til no, og meir skal det bli. For Sunne har konkrete planar framover, utan at ho vil røpa for mykje til Framtida.

– Eg ynskjer å fortsetja å skriva lettlest og tilgjengeleg, men òg smalare bøker, forklarar ho.

Det får ho høve til når ho no har fått statens arbeidsstipend for kunstnarar i to år framover. Eit liknande stipend fekk ho i etableringsfasen som forfattar, noko som var veldig nyttig.

BOKMELDING: Saiko: Truverdig thriller

Nynorskspørsmålet
Den første boka, «Stjernestøv», vart utgjeven på Samlaget. Seinare i forfattarskapen har ho veksla mellom bokmål og nynorsk. I 2007 fekk ho Brageprisen for barneboka «Happy» – òg den på nynorsk.

– Mange lurar på kvifor eg skriv nynorsk, men ingen lurar på kvifor eg skriv bokmål. Ein treng liksom ein grunn for å skrive nynorsk, seier Sunne.

Og svaret på kvifor ho, som snakkar austlandskdialekt, skriv nynorsk, er at ho budde i Valldal på Sunnmøre frå ho var 8 år til ho gjekk ut av ungdomsskulen. Då reiste ho attende til austlandet, og no er ho busett på Dokka i Oppland.

LES OGSÅ: Barnebøker som psykoanalyse

Hotell Cæsar-Svein
Skriveerfaringa hennar er variert. Eitt blikkfang på Wikipedia er at ho har vore manusforfattar i «Hotel Cæsar». Det er lenge sidan no, men går ikkje an å unngå å spørje om.

– Korleis hamna du der?

– Det var eit bevisst val. Eg søkte meg dit. Det var verdifull skriveerfaring og veldig lærerikt. Det gjorde noko med den språklege bevisstheita mi. Eg skjønar at det kan høyres rart ut, men ein må vere veldig bevisst på kvar enkelt scene.

Når ho skreiv for Noregs lengstlevande såpeserie var det absolutt mest morosamt å skriva dei typete og dumme karakterane. Svein Krogstad var favoritten.

Rik kjendis?
Nyttig erfaring, men no er ho veldig glad i jobben som litteraturformidlar og veit godt kor viktig det er med god litteratur i skulen. Eitt artig innputt i ein barne- og ungdomsbokforfattar sin kvardag er lesarmøter.

LES OGSÅ: – Skriv ikkje for 15-åringar

Der er det nokre spørsmål som går att.

– Mange spør kvifor eg skriv. Det tykkjer eg framleis er vanskeleg å svare på. Så lurar dei på om ein tener mykje pengar og spør om ein kan bli kjendis, fortel forfattaren.

Spøkefullt oppmodar ho alle som vil verte barnebokforfattarar for og verte rike til å prøve. J.K. Rowling klarte det, men Sunne trur neppe det var pengane som var motivasjonen hennar heller.

Det er fåtalet som tener godt, og hadde pengar vore motivasjonen, hadde nok ikkje litteraturformidlaren skrive bøker i dag.

– Så er det veldig mage som lurar på dei stive permane på bøkene, korleis eg får til dei. Dei har gjerne laga bøker sjølv på skulen, forklarar forfattaren, som godt kan skjøne at det ikkje alltid er like lett å forstå.

Faktaboks

Linn Tormodsdatter Grøndahl Sunne (fødd 1971)

• Vaks opp på Kongsberg og i Valldal på Sunnmøre

• Bur på Dokka i Oppland

• Arbeider som forfattar og litteraturformidlar i bokbussen til Oppland fylkesbibliotek

• Utdanna allmennærar

• Debuterte med barneboka «Stjernestøv» (2000)

• Fekk i 2007 Brageprisen i kategorien beste barne- og ungdomsbok for «Happy»

• Fekk ny Bragepris i 2012 for ungdomsboka «Lille Ekorn» i kategorien Åpen klasse: Ungdomsbøker

Kjelde: Wikipedia, SNL