Saiko: Truverdig thriller

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bok: Saiko
Forfattar: Linn T. Sunne
Forlag: Samlaget

Ungdomsromanen Saiko er skriven av forfattaren Linn T. Sunne. Ho debuterte med si første bok i år 2000, og ga ut bokaSaiko på Det Norske Samlaget i 2011. Linn T. Sunne skriv for det meste barne- og ungdomsbøker.

Saiko er ein thriller for ungdom, denne boka passar godt for ungdommar frå 13-18 år. Det er og ei bok som vaksne kan lære mykje av å lese, fordi ho er realistisk og kan gje eit inntrykk av kva ungdommar kan bli utsette for.

Ella er ei vanleg pliktoppfyllande jente, som går i 9.klasse. Det er sommarferie, og ho er mykje med venene sine Oliva og Noor. Ella er stupforelska i Simon, ho tenkjer på han heile tida. Ein kveld møtest dei i parken, men Ella veit lite om at denne idylliske sommaren snart skal ta ein bråvending.

Jentene blir invitert med på ein fest på Svaberget i den vesle bygda. Ella er usikker på om ho eigentleg vil dette, men blir til slutt dregen med av venninnene sine. For Ella blir festen ikkje heilt som ho hadde tenkt. Ho blir full, og episoden blir fotografert av bygdas einsame ulv, Saiko. Men Saiko, eller Steinar som han eigentleg heiter, inngår ein avtale med Ella, som ho blir nøydd til å gå med på. Han vil at ho skal vere kjærasten hans, eller så vil han vise biletet av Ella til alle i byda. Dette er noko Ella ikkje kan lete han gjere.

Ella finn etterkvart ut kvifor kallenamnet til Steinar er Saiko, og kva som eigentleg er grunnen til at han har ho som ein liksomkjærast i framsetet i bilen sin.

Språket i boka er veldig lettleseleg, det blir dermed lett å henge med på sjølve handlinga i boka. Forfattaren har ikkje overdrive med eit ungdommeleg språk, sjølv om dette er ei ungdomsbok. Det blir brukt korte replikkar, og språket blir meir naturleg av den grunn.

Den store konflikten i boka er forholdet mellom Ella og Steinar. Vil Steinar halde ord? Kva skjer viss Ella nektar å vere saman med han?

Vil gnisten som ein gang var mellom Ella og Simon komme tilbake?

Miljøskildringane i boka er gode, og du får eit godt intrykk av korleis miljøet er rundt hovudpersonane.

Forfattaren får fram at ungdommane i bygda er rastlause og vil vekk derifrå. Det er ikkje noko særleg som skjer, og dei lengtar etter ein annleis kvardag. Eg vil tru dei som er oppvaksen i ei bygd vil kunne kjenne seg igjen i nokre av skildringane i boka.

Eg likte denne boka godt. Handlinga var truverdig, men samtidig annleis enn kva eg hadde forventa. Konfliktane mellom personane held liv i handlinga og gjer at du vil lese vidare.

Boka passar vel best til ungdommar, både jenter og gutar.

Terningkast fem!