Unge er klima-optimistar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tenk deg tre ulike framtidsvisjonar: Ei verd lagt i ruinar, ei teknofisert framtid med svevande køyretøy og ei grøn framtid flust med parkar og syklar.

Forskarar frå Universitetet i Bergen har vist bilde som illustrerte desse framtidene til 132 elevar frå vidaregåande. Elevane blei spurt om kva framtid som dei trur er den mest sannsynlege illustrasjonen av verda om 30 år. 55 prosent av elevane valde det teknofiserte bildet. Berre 12 av elevane valde seg ei grøn framtid, medan 35 valde ei øydelagd framtid.

– Resultatet tydar på at ungdommen ser optimistisk på framtida og trur me vil klara å handtera klimaendringane ved hjelp av ny teknologi. Samtidig viser undersøkinga at dei òg meiner moderasjon er viktig, seier Kjersti Fløttum. Leiaren for LINGCLIM-prosjektet ved Universitetet i Bergen er overraska over resultatet.

– Det er mer optimisme enn det eg hadde trudd. Eg hadde sett for meg at fleire ville vald bildet av ei øydelagt framtid, seier ho til UiB.no.

Sverre Storevold, førsteklassing ved Laksevåg gymnas var med i undersøkinga. Han var ein av dei mange som valde det teknofikserte bildet.

– Eg har tru på ein teknofiksert framtid fordi teknologien utviklar seg heile tida, og det er ingen teikn på at han vil stoppa. For at me skal klara å redusera utsleppa må me tilpassa oss teknologisk, blant anna med å utvikla meir miljøvennlege framkomstmiddel, seier Storevold.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

80 prosent er bekymret
Samtidig som ungdommen er optimistiske, er dei likevel uroa for klimaendringane. Dette kjem fram i den ferske undersøkinga til Norsk medborgerpanel, som også blei presentert på klimasamlinga.

I undersøkinga svarer over 80 prosent av deltakarane mellom 18-25 år, i tråd med resten av befolkninga, at dei er noko uroa, uroa eller svært uroa for klimaendringane.

Eit fleirtal av elevane meiner for eksempel at oljeproduksjonen i Noreg bør reduserast, og at me bør gå føre som eit godt eksempel. I tillegg meiner nesten alle at me må ta ansvar lokalt for ei bedre verd globalt.

Kva framtid trur du er mest sannsynleg?