Krev Grunnlov på nynorsk
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Noregs Mållag krev at Grunnlova også kjem på nynorsk, går det fram av ei fråsegn som landsmøtet i organisasjonen vedtok i helga.
Landsmøtet ventar òg at Stortinget samrøystes stiller seg bak ein nynorsk parallellversjon, noko som så langt verkar vanskeleg. Berre ein månad før saka skal opp i Stortinget, har ikkje nokon av dei aktuelle forslaga to tredels fleirtal eingong.
Mållaget peikar på at Stortinget ved å vedta Grunnlova på nynorsk også vil vise at staten tar si eiga mållov på alvor.
– Dette vil vere eit symboltungt vedtak om at vi har to jamstilte språk, og eit godt føredøme i det fleirspråklege Noreg, heiter det i fråsegna.
LES OGSÅ: Målfolk urolege for nynorsk Grunnlov
Forslaga Stortinget så langt ikkje har klart å semjast om er desse:
* Grunnlova på moderne nynorsk og bokmål, utarbeidd av eit utval leidd av jussprofessor Hans Petter Graver.
* Ei meir varsam pynting av bokmålsteksten frå 1903 ført i pennen av språkprofessor Finn-Erik Vinje – eventuelt i kombinasjon med Graverutvalets nynorskversjon.
Venstre, KrF og Høgre har den siste tida signalisert at dei heller vil la Grunnlova vere som ho er. Mens Framstegspartiet helst vil ha Vinje-teksten, støttar resten Graver-framlegget.