Vaskebjørn skoten på Stamnes

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vaskebjørn skoten

Miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve fortel at dyret ikkje naturleg høyrer heime hjå oss, og slik sett er dei berre glade for at det vart avliva.

I kattehuset

Vedkomande som skaut, ein mann i trettiåra, hadde sett dyret på viltkamera tidlegare i haust, fortel Klyve.

Men då utan at han skjøna kva dette var for noko. Så tysdagen såg han vaske­bjørnen inne i kattehuset om morgonen, og bjørnen meska seg på kattemat.

– Om kvelden kom han att, og mannen som skaut han var på berre ein meters hald. Slik sett var bjørnen tam på eit vis i allefall, fortel Klyve vidare.

LES OGSÅ:Fryktar at nazibjørnar skal invadera Noreg

I godt hald
Vaskebjørnen har nok vore i området ei stund, og ser ut til å ha tolt kattematen godt.

– Dyret var i fint hald, noko som katte­matprodusenten sikkert er nøgd med, smiler Klyve.

Familien som ufrivillig har hatt han i kosten­, lurte på kvifor katten deira åt så mykje mat. Utan å leggja på seg.

Forklaringa kom altså på sjølve 1. april, og då møtte også den kattematglade bjørnen­ lagnaden sin.

Klyve vart varsla og han gjekk vidare med saka til veterinæren på Voss, som tok seg av veging og måling.

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier!

Hjå politiet
Vaskebjørnen, som er 6 kg, 50 cm lang, og har ein hale på 23 cm og er blank og fin i pelsen, er no teken hand om av veterinærstyresmaktene og er i forvaring hjå politiet.

– Nett det siste har ingenting med skytinga­ å gjera, den er heilt grei. Men no vert det sjekka ut om dyret er ulovleg innført eller kva som kan ha skjedd, seier Klvye.

Det er også teke DNA-prøve av vaskebjørnen, for om mogeleg å finna ut om det kan sporast til andre eksemplar. Det vart til dømes skote ein slik bjørn i Bergen for rundt ti år sidan, elles er det langt frå kvardagskost at det vert avliva slike dyr på våre kantar.

– Me er svært interesserte i å høyra om det er nokon som har sett noko liknande som dette, og om det finst fleire eksemplar, understrekar miljøvernrådgjevaren.

Det er ein hann som er skoten, og om det finst fleire eksemplar er heilt uvisst.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!