Målblome til Martin Kolberg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kolberg er ein av dei seks representantane som i 2012 gjorde framlegg om at Grunnlova skal kome på moderne nynorsk og bokmål. 

Som leiar av Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomité har han stått på for å sikre at Grunnlova skulle få nynorsk språkdrakt.

Høgre varsla fredag at dei ikkje vil ha noko modernisering av språket i Grunnlova. Dermed ser det ut til at framlegget ikkje får fleirtal. Men Kolberg lovar kamp til døra:

– Saka er ikkje tapt før saka er røysta over. Og fell framlegget no, lovar eg på vegner av Ap at vi skal fremje kravet om Grunnlova på nynorsk på nytt, sa Kolberg til ein jublande landsmøtelyd.

LES OGSÅ: Urolege for nynorsk Grunnlov

– Eit demokratisk spørsmål
Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, takka leiaren av Kontroll- og konstitusjonskomiteen for innsatsen:

– Det har skjedd mykje i det språkpolitiske landskapet sidan kravet fyrste gong kom opp på starten av 1900-talet. Men no ser det ut til at det språkpolitiske landskapet nok ikkje hadde endra seg så mykje sidan 1906 som me hadde håpa, sa Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– No ser det ut til at Grunnlova på nynorsk kan henge i ein tynn tråd. Men det er ikkje takka vere mannen som no får ein målblome som leiar av Kontroll- og konstitusjonskomiteen, sa Marit Aakre Tennø.

– Eg er veldig glad for å få denne prisen. Og han er viktig, for dette er faktisk eit demokratisk spørsmål. Me har to jamstelte målformer i Noreg, difor er det naturleg at Grunnlova er på eit språk som gjer at alle kan lese ho, inkludert dei som nyttar nynorsk, seier Martin Kolberg til Framtida.no.

Kolberg meiner at Stortinget no har høve til å gjere seg historisk ved å gjennomføra ei språkleg fornying av Grunnlova.

– Grunnlova skal vera lett tilgjengeleg for alle norske innbyggjarar. Dette er heilt vesentleg for at folk skal kjenne rettane sine, avsluttar Martin Kolberg.

QUIZ: Prøv grunnlovsquizen vår!

Leiar i Mållaget Marit Aakre Tennø delte ut Målblomen til Martin Kolberg. Foto: NM

Heile grunngjevinga frå Noregs Mållag:
I eit land med to fullt ut jamstilte språk kan eit språkval aldri vere nøytralt. Når sjølve tufta til landet, Grunnlova, skal moderniserast språkleg, er det difor logisk at ho kjem på båe språka – i jamstilte juridiske versjonar. Å ha ei Grunnlov på fleire språk er på ingen måte unikt for fleirspråklege samfunn.

Kjem Grunnlova på nynorsk, vil Noreg føye seg inn i rekkja av statar som tek omsyn til at dei har fleire nasjonalspråk.

Fyrste gongen Grunnlova vart omsett til nynorsk var i 1875 av læreraren, telegrafisten og målmannen Olav Jakobsson Høyem. Omsetjinga vart den gong publisert under tittelen Noregs grunlov og kom ut i ny utgåve i 1878.  Nikolaus Gjelsvik gjorde arbeidet på nytt i 1901, Hans Aarnes i 1945 og Knut Robberstad i 1953, med seinare oppdateringar for fleire av desse.

Det fyrste framlegget i Stortinget om å få vedteke Grunnlova i nynorsk språkdrakt kom i 1906. Den gongen innstilte Konstitusjonskomiteen på å avvise alle forslaga. Framleggsstillarane ville den gong utsetje saka, men oppnådde berre 18 røyster. I Stortinget si utgreiinga om saka står der at det var fleire grunnar til at saka ikkje vart vedteke. Men så: ”var nok selve målformen – landsmål – vanskelig å akseptere for det store flertallet på Stortinget i 1906”.

Det skulle ta 106 år før saka kom opp att. I 2012 kom spørsmålet på dagsordenen etter at Carl I. Hagen hadde fremja Finn-Erik Vinje si modernisering av riksmålsversjonen. Den vart då avvist av komiteens fleirtal frå Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet fordi dei meinte at ”Grunnloven må foreligge i begge de to offisielle målformene i Norge, bokmål og nynorsk. Av denne grunn alene avviser derfor disse medlemmer forslaget fra Hagen og Vinje”.

Dei sette ned eit utval leidd av Hans Petter Graver som skulle utarbeide moderniserte versjonar av Grunnlova både på bokmål og på nynorsk. Dette vart til Grunnlovsforslag 25 i førre periode, framsett av Marit Nybakk, Martin Kolberg, Jette F. Christensen, Hallgeir H. Langeland og Per Olaf Lundteigen.

Det har skjedd mykje i det språkpolitiske landskapet på dei 106 åra. Me kunne lese i media i går at det språkpolitiske landskapet nok ikkje hadde endra seg så mykje sidan 1906 som me hadde håpa. No ser det ut til at Grunnlova på nynorsk kan henge i ein tynn tråd. Men det er ikkje takka vere mannen som no skal mottak ein målblome som leiar av Kontroll- og konstitusjonskomiteen. For nokre veker sidan bad Martin Kolberg Stortinget skjerpe seg. Og her held Mållaget med han. Som ein del av fleirtalet i Kontroll- og konstitusjonskomiteen er det Martin Kolberg som har gjort det mogeleg at alle landsmøteutsendingane no kan sitje med eit eksemplar av Grunnlova på nynorsk i mappa si. Og gjev me oss ikkje med dette, og håper at dette vesle heftet snart skal verte historisk!

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR GRUNNLOVA!